Urolege for framtida.

NPK
NPK

Ei gruppe studentar ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) på Ås nytta anledninga til å protestere mot tilbodet i landbruksoppgjeret da landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) fredag kom for å opne nybygget til Senter for husdyrforsøk.

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) var invitert for å opne senteret på Ås gård på vegner av regjeringa.

– Regjeringa har tydelege mål om å auke kvaliteten i forsking og høgare utdanning. God infrastruktur og kvalitet heng saman. Det nye Senteret for husdyrforsøk gir topp moderne fasilitetar for forsking og undervisning innan husdyr, uttalte Listhaug i samband med opninga.

Plakatar og traktorar
Ei gruppe studentar hadde i samband med statsrådsbesøket samla seg med plakatar og traktorar for å protestere mot forslaget til landbruksoppgjer som regjeringa nyleg la fram.

Studentane er glade for den nye fjøsen og for at regjeringa satsar på grøn utdanning, men urolege for framtida i næringa, fortel lektorstudent ved NMBU Marit Strand.

– Det vi stiller spørsmål ved, er om det blir tenkt langsiktig på at det skal vere jobb til oss som tek landbruksutdanning eller anna utdanning relatert til landbruket, seier Marit Strand, som òg er 2.-kandidat i Øystre Slidre Senterparti.

Stand opplyser at markeringa blei mobilisert av Truls Hansen i Ås Landbruksforum, der Husdyrklanen, Skogbrukerforeningen, Jordbrukerlaget, Ås Senterstud og Budeieforeninga er engasjert. Alle laga og foreiningane er ifølgje Strand tilknytt NMBU. Ho anslår at kring 40 studentar var samla.

Bak sperreband
– Når vi ser satsinga på denne fjøsen, som det blir brukt mykje pengar på, lurer vi på kvifor Sylvi Listhaug og den sitjande regjeringa ikkje synest det er viktig å spytte inn meir pengar i landbruksoppgjeret.

– Det som kanskje sjokkerer meg mest, er at det ikkje var ei open og hyggjeleg opning, seier Strand, som fortel at studentane måtte stå bak sperreband 150 meter frå staden opninga fann stad.

Senter for husdyrforsøk blei etablert i 1994 og skal leggje til rette for husdyrforsøk og undervisning om dei tradisjonelle husdyrrasane. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01
ANNONSE