Sa ja i det fri

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Tysvær Bygdeblad. 

Dei to møtte kvarandre på Gaysir, ein nettstad der lesbiske, homofile og bifile treff kvarandre. Det blei raskt meir enn god kjemi mellom dei to unge damene.

LES OGSÅ: Fleire giftar seg utanfor kyrkja

– Den gode kjemien som bygde seg opp mellom oss, ved svært god hjelp frå Skype, resulterte i månadar med pendling over fjellet. Me kjøpte oss etter kvart leilegheit i Haugesund – hausten 2012, og etter cirka eit år kapra me drøymehuset i fantastiske omgjevnadar på Sagbakken, fortel det nygifte paret.

Kine er født og oppvaksen i Tysvær, og har budd mesteparten av livet sitt på Førland. Ho kjem frå ein søskenflokk på fire og er utdanna pilot. I dag jobbar ho i i Haugaland idrettsbarnehage.

Britt-Alice kjem frå Drammen, også ho har tre søsken. Ho er utdanna interiørdesignar og jobber nå i resepsjonen på Scandic Hotell Haugesund.

LES OGSÅ: Melder seg ut av kyrkja i protest 

Les heile historia i papiravisa til Tysvær Bygdeblad.