Kven er kven i britisk politikk?

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kven vinn valet?

Britane sitt stortingsval – General Election, som det heiter – er i dag. Det skjer kvart femte år, og sidan førre val i 2010 har David Cameron vore statsminister for dei konservative, med Nick Clegg frå dei liberale demokratane som visestatsminister.

Før valet kan det sjå ut til at Storbritannia får ein ny statsminister, eller at dei beheld den gamle, eller at skottane får mykje meir å sei, eller at UKIP tek over makta fullstendig og stenger grensene for innvandring. Det er med andre ord mykje å halda styr på.

Her er ei rask oversikt over partia, personane og viktige saker. Heite tema i Storbritannia denne våren er helsetenesta, økonomien og innvandring.

TEST DEG SJØLV: Kva kan du om britisk politikk?

David Cameron og Tories
Tories er kallenamnet til det konservative partiet i Storbritannia – det største partiet på den britiske høgresida. Dei var lenge i opposisjon, men vart størst i 2010, og David Cameron vart statsminister.

Dei konservative vil auka løyvinga til helsetenesta til 8 milliardar pund og skaffa fleire universitetsplassar. Dei vil ikkje auka skattenivået, men heller auka grensa for kor mykje ein kan tena skattefritt. Dei vil at industrien skal stå friare for å skapa fleire arbeidsplassar, og dei vil byta ut den europeiske Human Rights Act til fordel for ein eigen, britisk versjon. Dei vil også gå til ei folkeavstemming om Storbritannia sitt medlemskap i EU, i likheit med UKIP.

Dei er i dag i koalisjon med dei Liberale Demokratane, leda av visestatsministeren Nick Clegg. Dei vil truleg halda fram med eit samarbeid.

Hos The Guardian kan du sjå alle hovudpunkta i dei konservative sitt partiprogram.

Test deg sjølv: Kva veit du om EU?

Ed Miliband og Labour
Labour er Arbeidarpartiet i Storbritannia, og Ed Miliband er deira Jens Stoltenberg. Han ligg lengre ute på venstresida enn David Cameron, og er den naturlege utfordraren.

Det er liten tvil om at det anten er Ed Miliband eller David Cameron som er statsminister etter valet.

Eit hovudpoeng i Labour sitt partiprogram er meir velferd, fleire arbeidsplassar – og det utan å ta opp fleire lån for landet. Velferden skal finansierast sjølv, og gjelda skal kuttast ned. Minstelønna skal opp med minst £9, det skal bli billigare å gå på universitetet, og dei vil investera 2,5 milliardar meir enn Toriane i helsetenesta. Psykisk helse skal likestillast med fysisk helse, lærarane skal bli betre, og den upopulære «bedroom tax» skal fjernast.

Labour har også eit eige punkt for at fotballfans skal få ei stemme i styreromma til klubbane sine, og er det laget som har fått klar støtte frå Russel Brand – ei stemme som faktisk kan vera avgjerande i resultatet.

Eller kanskje Russel Brand ikkje gjer noko utslag i det heile – sidan han lenge oppmoda folket til å ikkje stemma, før han snudde rundt og oppmoda til å stemma på Labour – etter fristen for å registrera seg som veljar gjekk ut.

Her er The Guardian si oppsummering av Labour sitt program.

Nick Clegg og Liberal Democrats
Søsterpartiet til norske Venstre, leia av visestatsminister Nick Clegg. Slik som Venstre her i Noreg har dei lagt seg ein plass i midten politisk, og jobbar for mange av dei same sakene.

Dei vil mellom anna få gjennom eit nullutsleppsvedtak, sterkare barnehageteneste, og generelt meir velferd enn samarbeidspartnarane i dei konservative. Dei vil mellom anna auka løyvinga til helsetenesta med 8 milliardar pund i året innan 2020, noko legane ønskjer seg, men dei to største partia seier nei til.

Dei Liberale Demokratane vil også, som Venstre, lata 16-åringane stemma ved val.

Her er hovudpunkta i LibDem sitt partiprogram.

Nicola Sturgeon og Scottish National Party
Scottish National Party, eller SNP, er det klart dominerande partiet i Skottland. Dei gjorde seg også ekstra markerte i fjor haust, då debatten om eit sjølvstendig Skottland for alvor blussa opp igjen, og enda i folkeavstemming i september.

Det enda ikkje med eit sjølvstendig Skottland den gong, men oppslutninga til SNP er framleis såpass stor at dei ligg an til å sitja med ein god del representantar i Parlamentet – og leiaren Nicola Sturgeon har blitt ein ny politisk favoritt, trass i at berre skottar kan stemma på ho.

Mykje av veksten til SNP kan gå ut over Labour, som tidlegare har hatt storparten av dei skotske seta. Sturgeon har sagt at ho vil støtta ei Labour-regjering, men Ed Milliband har gått ut og sagt at dei ikkje vil forma ein koalisjon med SNP.

For SNP er helse eit viktig tema, samt meir skotsk sjølvstende og større fokus på miljø. Sjå hovudpunkta i programmet her.

Natalie Bennet og Green Party
Green Party har hatt ein representant i Parlamentet sidan 2010. Det er Caroline Lucas, men leiaren heiter Natalie Bennet. Det er nok ikkje overraskande at det er Miljøpartiet dei Grøne som er søsterpartiet til Green Party, og at miljøet er ei viktig hovudsak for dette partiet.

Diverre for Green Party er ikkje miljøet ein av hovudsakene i den britiske debatten. SNP er ambisøse, dei jobbar for at resten av britane skal byrja med Skottland sin politikk om å kutta klimautslepp – målet er at utsleppa i 2020 skal vera 42 prosent mindre enn i 1990. Det er diverre vanskeleg å få gjennom – også for skottane.

Her er hovudpunkta i Green Party sitt program.

Nigel Farrage og UKIP
Partiet til Nigel Farrage, United Kingdom Independence Party, har fått utruleg mykje merksemd – oftast for ein veldig streng innvandringspolitikk og ulike utsegn frå Farrage sjølv. Sjølv om dei får mykje spalteplass, har dei ikkje mange representantar å skilta med. Ved førre val fekk dei 3,1 prosent av stemmene, men ingen plassar i parlamentet. På meiningsmålingane før dette valet har dei jamt over fått god oppslutnad – som oftast godt over 10 prosent av stemmene – men det betyr likevel ikkje at dei vil få mange representantar. Grunnen til det er at «first past the post» er systemet for å fordela kandidatar i valkrinsane i Storbritannia.

Kort forklart: Når stemmene blir talt opp i ein valkrins i Storbritannia, er det den kandidaten med flest stemmer som vinn, og resten sit att med ingenting. Om UKIP sin representant får 29 prosent, medan Labour får 29,5 prosent, får ikkje UKIP sin representant noko som helst igjen for det.

Derfor vil nok ikkje UKIP enda med veldig mange representantar når stemmene er talt opp, sidan talet på valkrinsar der dei faktisk er størst er ganske lite. Systemet kan vera forvirrande og urettferdig i mange sine auger.

UKIP er mest kjend for innvandrings- og utanrikspolitikken sin. Dei vil ha ei folkeavstemming om EU-medlemsskapet så snart som mogleg, innføra eit poengsystem for innvandrarar likt det Australia har, hindra ufaglærte innvandrarar å komma inn i landet, auka forsvarsbudsjettet – og løyva tre milliardar meir i året til helsetenesta.

Her er oversikta over UKIP sitt partiprogram.

Test deg sjølv: Kva veit du om Skottland?