Ingen vil bli prest i Vågå

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Fjuken. 

Ingen vil bli sokneprest i Vågå ser det ut til. Ved fyrstegongs utlysing av stillinga som sokneprest, fekk ikkje Hamar bispedømme inn ein einaste søknad. Dermed måtte stillinga som sokneprest lysast ut på nytt.

LES OGSÅ: For få kjenner prestekallet

Rådgjevar Eli Bekken i Hamar bispedømme fortel at dei fekk inn tre søknader da søknadsfristen var ute. To av søkjarane hadde ikkje formelle papir i orden og var utelukka. Den tredje var inne til intervju og vart innstilt til stillinga. Tilsetjinga skulle skje i bispedømmerådet måndag 4. mai.

Sundag, dagen før tilsetjinga, trekte vedkommande søknaden sin. Dermed er ein like langt. Nå må Hamar bispedømme lyse ut stillinga for tredje gong. Eli Bekken seier at dette ikkje er uvanleg å lyse ut prestestillingar fleire gonger.

– Det er generelt fåe søkjarar til alle stillingar. Det er mangel på prestar. Det blir utdanna færre enn dei som går av med pensjon, seier Bekken. 

Ho fortel at ein på Tynset måtte lyse ut stillinga som sokneprest tre gonger før ein fekk inn søknader.

– Dette er ikkje noko spesielt for Vågå, seier ho. 

Stillinga som sokneprest i Vågå blir lyst ut på nytt i midten av juni, med mål om tilsetjing i møte i bispedømmerådet i september.

LES OGSÅ: – Kyrkja var nok meir tidsriktig før