For få kjenner prestekallet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det som er utfordrande er arbeidstida. Det er kjipt å jobbe når familien din er heime, seier Mari Western, sokneprest i Sør-Aurdal kommune i Oppland. Ho byrja i jobben i september i fjor, som nyutdanna prest. Western er 27 år gammal, gift og småbarnsmor.

LES OGSÅ: – Kyrkja var nok meir tidsriktig før

Skrekk og gru for dei som er åleine
Det har dei siste åra vore dårleg rekruttering til presteyrket. Western er ikkje overraska. Jula i fjor var den første høgtida ho var gjennom som prest, og ho var sliten etterpå.

Eg jobba alle raude dagar når familien var heime. Det gjorde at eg tenkte på om presteyrket var noko for meg, vedgår ho.

Mari kom til Sør-Aurdal med mann, dotter og ei bonusdotter i fjor. Opphavleg er ho frå Gran og hadde eit svakt nettverk i Valdres før ho flytta dit. I kyrkjelyden er det få på hennar eigen alder.

Eg møter mange som er eldre enn meg, og få på min alder. Eg har ingen problem med det, sidan eg har familien min. Men skrekk og gru for dei som er åleine og kjem til ei framand kyrkje, seier Western.

LES OGSÅ: Tilset ikkje homofil prest

Kyrkja manglar framleis ein plan
Ragna Dahlen er rådgjevar i Kyrkjerådet med ansvar for rekruttering. Ho stadfestar at prognosane for å få fleire prestar framover er dårlege.

Avgangen er synleg. Omlag tretti prosent av dagens prestar er over seksti år. Mange bispedømer strevar med å få folk til utlyste stillingar, opplyser Dahlen.

Dahlen har enno ikkje meisla ut nokon klar plan for å få fleire prestar. For tida har ho samtalar med utdanningsinstitusjonar, fagutøvarar i kyrkja og bispedøma. Så må det lagast ein strategi, som også baserer seg på kunnskap om unge sine yrkesval. Det heile er komplisert, men Dahlen trur det er mogleg å peike på enkelte ting.

– Det er korleis du blir møtt av kyrkja som barn og ung som formar den kristne identiteten din. Rekruttering må til sjuande og sist inn i medvitet til lokale kyrkjelydar, meiner ho.

LES OGSÅ: Melder seg ut av Presteforeningen i protest

Set møte med menneske høgast
Mari Western var ikkje i utgangspunktet ein aktiv kristen. Sjølv om barnetrua alltid har vore der, var det mest tilfeldig at ho snubla over dørstokken på Menighetsfakultetet i Oslo. Men ho bestemde seg raskt for å bli verande. Ho var fasinert av kristen historie og miljøet rundt. I prestegjeringa er det møta med andre menneske, og især sorgsamtalane, som Western opplever som mest gjevande.

Møta med menneske er det eg set aller høgast. For meg er det viktigare å bruke god tid rundt menneske og ha omsorg for glede og sorg, enn å skrive preike ei heil veke, seier ho.

Men den nyutdanna presten meiner det er eit gap mellom det ho fekk med seg frå studiet, og det som har møtt henne ute i den verkelege prestekvardagen.

Utdanninga handlar lite om praktisk presteliv. Vi har brukt mykje tid på å lære å skrive ei preike. Men når ein kjem ut, kan ein ikkje skrive og øve på preika heile veka, konstaterer Western, som også synest studiet er alt for teoretisk i høve til det yrket ein skal ut i. Ho nemner opplæring i gresk og hebraisk, og meiner det ikkje har mykje med kvardagen som sokneprest i Sør-Aurdal å gjera.

MF er ein super plass å gå. Men når ein er ferdig, ønskjer ein at ein hadde lært meir av det praktiske, oppsummerer Western.

LES OGSÅ: Melder seg ut av kyrkja i oljeprotest

Rekruttering skjer lokalt
Sjur Isaksen, programleiar for cand.theol.-studiet på Menighetsfakultetet i Oslo, stadfestar inntrykket av manglande rekruttering innan kyrkja.

Store grupper av prestar blir pensjonistar i løpet av neste tiår. Vi utdannar ikkje på langt nær mange nok nye prestar til å fylle det behovet. Det er vi uroa for, seier han.

Isaksen er overtydd om at dei lokale kyrkjelydane spelar ei nøkkelrolle.

– Dei fleste som utdannar seg til prestar, gjer det fordi dei har vorte sett eller oppmuntra av nokon lokalt, i kyrkjelydsarbeid eller ein organisasjon. Det er ikkje så mange som blir freista av annonsar og kampanjar, det skjer ute i kyrkjelydane, meiner han.

Inntrykket til Isaksen baserer seg studentane sine eigne forteljingar.

Alle studentar deltek i sjølvpresentasjonsrunder. Eg har lytta til desse rundene i ti år, fortel han.

Satsar meir på leiing
Når det gjeld samsvar mellom utdanning og praktisk presteliv, gjev Isaksen Western delvis rett.

Dette er ei sak som blir diskutert. Det er slett ikkje alle studentar som vil ha mindre teori, så det er ei vanskeleg prioritering. Eg kan nok ha sans for ei forskyving i den retninga Western føreslår, seier han.

Isaksen fortel om ei spørjeundersøking frå 2012, gjort av MF blant prestar uteksaminert 2009. I hovudsak var prestane var nøgde med den faglege ballasten dei hadde med seg, men sakna utdanning innan leiing og sorgsamtalar. Dette er delvis teke til følgje.

Vi har innført eit emne som heiter Ledelse i kirken, fortel programleiaren.

LES OGSÅ: Historisk få dåpsbarn