– Lytt til folket og klimaet, seier Natur og Ungdom.

mm

I dag presenterte TNS Gallup Klimabarometeret 2015. Undersøkinga viser at langt fleire nordmenn bryr seg meir om klimaendringar enn før. Éin av tre nordmenn meiner dei har opplevd konsekvensar av klimaendringar i kommunen sin. Klimaendringar kjem no på andreplass over utfordringar Noreg står overfor.  Natur og Ungdom meiner det er heilt på sin plass og håpar det vert eit spark bak til norske politikarar.

– Det skulle berre mangla at medvitet om klimaproblemet går opp, når me har hatt flommar i Gudbrandsdalen og på Vestlandet år etter år, og me ser dei enorme konsekvensane klimaendringane har når orkanane slår inn over Filippinene, tørken rammar Afrikas Horn og det får konsekvensar for folk, seier Arnstein Vestre, leiar i Natur og Ungdom (bildet).

Det norske folk gjev klimainnsatsen til regjeringa eit terningkast 3, og meiner politikarane burde gjera meir.

LES OGSÅ: Ungdom meir uroa for klimaet

– Alle kan bli betre
Folk sjølv svarar at det dei gjer for klima er å kjeldesortere. Natur og Ungdom meiner alle har forbetringspotensiale, men at det er politikarane som sit med ansvaret.  

– Undersøkinga viser at Noreg er klåre for meir klimahandling frå norske politikarar. Eg trur norske veljarar er villige til å gjera meir dersom politikarane går føre og viser at dette er klimatiltak vi skal gjera i fellesskap, seier Vestre.

Undersøkinga viser at heile 55 prosent av folkesetnaden meiner at dei vel tjue milliardane som i dag vert brukt som subsidiering av oljeindustrien heller burde brukast til nasjonale klimakutt og grøn omstilling. Berre 19 prosent synest subsidiane til oljeindustrien er ein god prioritering.

– Noreg bruker milliardar på å leggja til rette for ei næring som må verta mindre viktig for det norske samfunnet. Dei milliardane kunne vi brukt på å leggja til rette for arbeidsplassane i framtida i fornybare og evigvarande næringar. Her har regjeringa fått eit tydeleg signal, no må dei følgje opp, seier Vestre.

LES OGSÅ: Ta den store klimaquizen!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

LES OGSÅ

ANNONSE