I Ålesunds gater kan du treffe ei gruppe nynorsk sykkelruss. Dei vil vise at russefeiring er like kjekt utanfor bilboksen.

mm

– Gjer det du har lyst til og synst er kjekt, utan å tenkje at det finst ei oppskrift. Det viktigaste er å ha det kjekt med vener og feira at ein er ferdig med skulen, er oppmodinga frå sykkelruss Kornelia Melsæter.

Saman med Marie Longva Danielsen har ho starta gruppa «Nynorsk sykkelruss ‘15». I dag tel den sjarmerande sykkelbanden fire personar, men alle får lov å vere med. Kriteria er at ein er nynorskforkjempar og likar å sykle.

– Me hadde ikkje lyst å ha bil, fordi det ikkje er særleg miljøvenleg og kostar mykje pengar, forklarar jentene, som er elevar på Fagerlia videregående skole i Ålesund – ein skule der kring halvparten er nynorskbrukarar.

LES OGSÅ: – Framtidas russ er sykkelruss

Heimelaga russekjole med Ivar
Så kva skil ein nynorsk sykkelruss frå ein vanleg russ, utanom kallenamn som «(H)ullsokken» og «Hells Angel»?

– Me er nynorskforkjemparar og bruker det med humor. Me blir sett litt rart på, men det trivest me med, forklarer Kornelia, som er med i sentralstyret i målungdommen i heimbyen Ålesund.

Venninna Marie kjem frå Sjøholt i Ørskog kommune, der nynorsk er målforma.

Russekort og Facebook-oppdateringane er sjølvsagt nynorske. Dei likar å vise kva dei står for i russetida.

Russebudsjettet deira er ikkje store greiene samanlikna med russebilane. Dei har billige syklar, litt måling og russeeffektar. Mamma og pappa er hovudsponsorar.

Kornelia har til og med sydd sin eigen russekjole – som sjølvsagt er dekorert med Ivar Aasen. Nynorskrussen er glade i gode Aasen-sitat.

– Eg har russebukse i tillegg, men ei i klassen har faktisk laga si eiga russebukse frå botnen av. Det gjeld å tenkja litt annleis – alt treng ikkje handla om pengar, meiner Kornelia.

LES OGSÅ: No får du målungdom-kondom


Slik får nynorskrussen spreidd målforma si til den yngre garde. Foto: Privat

Manuelle motorsyklar
Dei reagerer på det materialistiske fokuset i russetida der det viktigaste er å ha den dyraste og beste russebilen. Jentene vil syne at feiringa ikkje treng å følgje stereotypiane for å verte vellukka.

Marie trur ho hadde vore meir uroa for økonomien dersom ho feira russetida i bil.

– Eg har valt å ikkje la meg presse av det, men mange kjenner nok på eit press om at det  må gjerast på ein viss måte, trur ho, og får støtte av venninna Kornelia.

– Eg trur at ein kan ha det like gøy utan bil, seier ho.

– Ja, kanskje enno meir gøy, kjem det frå Marie.

Det er kjekt å sykle. Ulempa er når dei skal litt lenger og det er alkohol med i biletet.  

– Så er det ikkje så lett å leggje seg å sova på ein sykkel, som i ein bil, medgjev jentene, som heller haikar enn å køyra sjølv.

LES OGSÅ: Russen skadar seg i hovudet

Tøffe turistattraksjonar
Dei raude syklistane vekkjer åtgaum i gatene i Ålesund. At turistar hoppar opp på syklane og tek bilete tykkjer jentene berre er gøy.

– Me kjem nok til å sykla rundt og tøffe oss litt i russetida, for me trur jo me har motorsyklar, spøkar nynorskrussen Kornelia.

Sjå intervju med sykkelrussen frå Ålesundsbloggen «Bypatrioten» her:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01
ANNONSE