Snart betaler du med mobilen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I fleire år har utviklarar arbeidd med å lage løysingar som gjer det mogleg å bruke mobilen som eit einaste stort betalingskort. Teknologien gjer at du kan halde mobilen inntil bankterminalen for å betale, så lenge du har lasta ned ei mobil utgåve av bankkortet ditt.

Med for eksempel Valyou , som DNB, Sparebank 1 og Telenor står bak, kan du betale inntil 200 kroner utan å taste pinkode.

– Valyou representer den framtida vi er på veg til, men pinkoden er framleis med som tryggingsventil. Dersom du fjernar han, fell ansvaret bort for forbrukar når det gjeld svindel og anna misbruk, seier Jorge B. Jensen, fagdirektør for finanssaker hjå Forbrukarrådet, til NTB.

I fjor laga Forbrukarrådet ein rapport om denne marknaden. Rådet har også vore direkte engasjert i EUs arbeid med nytt regelverk for betalingstenester.

– Det har vist seg viktig sidan det norske betalingssystemet har nokre forbrukarvennlege innretningar som er viktige å ta vare på, og som medlemslanda i EU ikkje har vore så opptekne av, seier han.

LES OGSÅ: Gamle mobilar gull verd

Stor marknad
Marknaden for mobilbetalingsløysingar er stor, og fleire aktørar er på bana. BankAxept har inngått eit samarbeid med Eika om mobil lommebok. Eika Safe blir lansert for kundane i lokalbankane i Eika Alliansen i 2015.

– Vi trur mobilen blir den dominerande berar for kontantlaus betaling, og av den grunn er samarbeidet med Eika Safe og andre mobile prosjekt spennande for BankAxept, seier marknadssjef Narve Hansen i BankAxept.

Teknologien som gjer dette mogleg, blir kalla Near Field Communication og er den same som Apple brukar i Apple Pay på iPhone i USA.

– Sjølv om vi framleis er i ein tidleg fase, er alle samde om at betaling med mobilen kjem til å vere dominerande i framtida. Vi har nokre tusen kundar på løysinga allereie, nye bankar kjem til i år, og vi ønskjer også dei andre operatørane velkomne inn i løysinga, seier informasjonssjef Atle Lessum i Telenor til NTB.

Valyou er tilgjengeleg så langt nord som til Svalbard, der Telenor ofte testar ut avanserte løysingar sidan samfunnet der er så digitalisert.

– Det er mange butikkar på fastlandet som har Valyou, men på Svalbard, som er ganske komprimert, er heile 70 prosent av butikkane klare for løysinga, seier han.

Eit fjerde system er mCASH som har vore på marknaden sidan 2006, og som gjer det mogleg å sende pengar til og ta imot pengar frå dei du har mobilnummeret til.

LES OGSÅ: Forbrukarrådet ber folk byte bank

Opne system
Jensen trur målet til blant andre Valyou er å ha eit ope system som alle kan gå inn i.

– Eg trur ikkje det er grunn til å vere for skeptisk til dette. Vi får berre passe på at utskiftinga går i ei forbrukarvennleg retning. Vi ønskjer opne betalingsplattformer som kan brukast av alle over alt, seier han.

Fagdirektøren meiner det først og fremst er bankindustrien og arbeidstakarorganisasjonane som er opptekne av det pengelause samfunnet.

– Vi meiner at forbrukarar skal få lov til å betale på den måten dei sjølve føretrekkjer. Det er greitt at det er tilbod om å betale med mobiltelefon, men det betyr ikkje at forbrukarar som har lyst til å betale kontant, skal nektast det – innan rimelege grenser.

Forbrukarrådet følgjer spesielt med på utviklinga av mobile betalingsløysingar. Ein av grunnane til det er personverntryggleik. (©NPK)