Dødssvidd

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er utruleg heldig

Innlegget var først hos Bladet Sunnhordland

– Det var då eit forferdeleg mas!

Eg var 25 år gammal og meinte at mor mi hadde fått ein alvorleg hang-up. Ho masa om flekkar. Føflekkar. Eg likar ikkje den, og ikkje den, masa mamma. Kva så? tenkte eg. Eg hadde honninggult hår ned til rumpa og lange bein, og brydde meg fint lite om flekkar. Men til slutt gav eg meg. Eg bestilte time hos legen, og hamna hos hudlegen. Der fekk eg svaret eg ville ha. «Det der ikkje noko å vera redd for. Sjå no har eg skrapa den bort!».

Nokre veker seinare gjekk alarmen. Eg hadde føflekkreft. Det var ikkje til å tru, meinte hudlegen, som bad om orsaking og innrømde han hadde aldri trudd at nokon så unge som meg kunne få sjukdommen som helst råka gamle, og menn. Det var i 1997.

I dag veit legane langt betre. For kvinner mellom 25 til 49 år er dette den nest mest vanlege forma for kreft. Borna av 80-talet hadde grilla seg i solarium. Svidd seg i høgfjellssol. Steikt seg på sølvfolie marinert i kokosluktande Hawaiien Tropic. Null faktor, max bronzage!

På under ei veke blei eg sendt til Haukeland universitetssjukehus. Der tok dei ein diger biff av låret mitt. Heldigvis var det det heile.

LES OGSÅ: Sykla Noreg rundt for kreftsaka

Eg er langt frå åleine om å få svi for grilla ryggar, armar og bein i barndommen. Norge er på verdstoppen når det gjeld føflekkreft, eller malignt melanom som er den farlegaste forma for hudkreft. I 2013 fekk 1.713 nordmenn kreftforma. 327 døde. For føflekkreft er aggressiv. På den bit i liten grad cellegifta. For ikkje lenge sidan var eg i gravferd til ein av mine mentorar i journalistikken. Han var ikkje like heldig som meg.

Sjukdommen har gjeve biverknader. Eg er ein av dei som blir uroleg og provosert når moten seier at nøttefarge er meir inn enn sur mjølk. Når eg les om folk som er avhengig av solarium. Når solariumsbransjen lokkar med helsefremjande d-vitamin, og seier at kunstig sol eit par gonger i veka rett og slett er sunt!

Eg har framleis lange bein. Dei er rett nok ikkje like unge og realiteten om livet og døden har bite seg fast for alltid. Eg har også tre unge bleike søner. Hadde det ikkje vore for at mor mi er så god å masa, så hadde eg aldri hatt dei.

6. mai er den nasjonale hudsjekkedagen. Lokalt er det ingen hudlegar tilgjengeleg. Det bør på ingen måte stoppa folk. Kjenner du nokon med ein flekk du ikkje likar, la dei få høyra det. Igjen og igjen.

LES OGSÅ: Klara fekk cellegift om natta for å rekka Neil Young-konsert