Vil dra lyttarane ut av komfortsona

Norsk debatt er for prega av semje, meiner Jonas Sætre (28) som tek opp kontroversielle saker og legg dei ut på nett.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Bladet Sunnhordland. 

Etter å ha jobba i fire år som journalist i Oslo og Bergen, vart overgangen til jobb som kommunal byråkrat stor for Jonas Sætre. Difor valde han å dempa saknet etter journalistikken med å starta podkasten «Uten filter».

Ein podkast er kort sagt ei nedlastbar, eller strøymebar, lydfil – eller eit radioprogram som kan høyrast kva tid som helst.

– Eg kunne ha laga ein blogg, men det er det så mange som gjer. Podkast er ganske nytt, og no er det jo komme så mykje utstyr som gjer det mogeleg for kven som helst å laga podkastar utan at det treng å kosta store pengar, fortel Jonas Sætre som lagar intervju over «bilettelefonen» Skype, men berre legg ut lydfilene på «Uten filter».

LES OGSÅ: Teikneseriehovudstaden 

Yngre lyttarar
– Eg ønskjer å retta meg mot yngre lyttarar, som ikkje så stor grad brukar tradisjonelle media som aviser og fjernsyn, og som vil høyra programma når det passar dei. Podkastar er i ferd med å bli populære og toppar nedlastingslistene til iTunes. Både VG og Aftenposten har byrja med eigne podkastar, fortel Sætre.

Også nokre lokalaviser er byrja leggja ut nyhende som lydfiler. I USA er det laga fleire populære podkastar som vert lytta til over heile verda.

Medan t.d. Suldalsposten har hatt eit prøveprosjekt med å leggja ut lydsnuttar frå avisa, satsar Jonas Sætre på lange intervju med markante personlegdomar som har synspunkt som skil seg frå den ålmenne semja, konsensus.

– Ønsket mitt er å dra lyttarane ut av komfortsonen deira. Norske politiske debattar er ofte prega av kommunikasjonsrådgjevarar og tom retorikk. Eg trur folk er lei av dette, seier Sætre som har studert historie ved Universitetet i Bergen og lært journalistikk på Nynorsk mediesenter i Førde.

– Eg ønskjer meg klare svar på kontroversielle saker. Difor snakkar eg med folk som har synspunkt som skil seg frå den store konsensus som pregar det norske samfunnet.

Den første episoden la han ut var med forfattaren og agronomen Siri Helle som har skrive kritisk om matproduksjon i Norge. Sidan har folk som fredsforskar Johan Galtung og religionshistorikar Hanne Nabintu Herland blitt intervjua av Sætre.

LES OGSÅ: – Mat er ikkje dyrt i Noreg 

Stiller villig opp
– Er dei lette å få til å stilla opp til intervju i ein liten podkast frå utkanten av verda?

– Dei har vore nesten overraskande velvillige og eg har fått svært gode tilbakemeldingar frå dei eg har intervjua. Dei tykkjer det er kjekt å bli tekne på alvor, og at synspunkta deira ikkje vert latterleggjorde, slik nokre har opplevd i andre medium, seier Sætre som enno ikkje har nådd ut til dei heilt store lyttarskarane.

– Hos iTunes får ein ikkje ut statistikk på lyttartal, diverre, men eg har passert 1000 lyttarar på nettsida utenfilter.net. No driv eg dette på rein hobbybasis og har verken inntekter på podkasten eller utgifter til å marknadsføra meg, fortel den nybakte faren som lagar podkast mellom full jobb i Stord kommune sitt sekretariat og barnestell og familieliv.

LES OGSÅ: – Eg har drepe 13 med droner 

Meiningsmangfald
– Kjem du ta opp lokal politikk i podkasten?

– Det er vanskeleg så lenge eg sjølv jobbar i det kommunale byråkratiet, men elles kunne det vore interessant, seier Sætre som i sin sjuande podkast har intervjua dokumentarfilmskaparen Tonje Hessen Schei om dronekrig. Neste podkast vert eit intervju med historikaren Bjørn Nistad som forsvarar Vladimir Putin.

– Eg tykkjer det er interessant å høyra kva folk som ikkje er samde med store fleirtalet har å seia, seier podkastar Jonas Sætre som skriv på nettsida si at han vil utvida meiningsmangfaldet og samstundes driva etter dei presseetiske normene som er nedfelte i Vær varsam-plakaten.