Kommunane får bestemme skutertrafikken

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommunane får bestemma

Saka var først publisert i Vest-Telemark Blad. 

Kommunane skal sjølve bestemme kvar løypene skal gå, men det er ikkje høve til å etablere løyper i verneområde eller nasjonale villreinområde. Det må også bli tatt omsyn til reindrift.

– Eg meiner kommunane er dei beste til å bestemme om, og korleis dei vil leggje til rette for løyper for fritidskøyring med snøskuter, seier Arnstad i ei pressemelding.

Kommunane blir pålagt eit grundig utgreiingsarbeid der både omsyn til friluftsliv, naturmangfald, reindrift, og bustad- og hytteområde skal vege tungt, understrekar Arnstad.

LES OGSÅ: DNT ut mot snøscooter-politikk 

Den norske turistforeinga (DNT) er blant dei som reagerer sterkt på den nye lova.

– Dette er ein svart dag for norsk friluftsliv og naturmangfaldet, meiner styreleiar Berit Kjøll i DNT.

Terje Lien Aasland sit på Stortinget for Telemark Ap og er miljøpolitisk talsmann i partiet. Han karakteriserer vedtaket for «uforsvarleg snøskuterpolitikk».

– Å utøve friluftsliv i naturområde utan støy er ei fellesgode det er viktig å ta vare på. Naturopplevinga er ein av dei viktigaste årsakene til nordmenns interesse for å drive med friluftsaktivitetar, seier han, og legg til at konsekvensane for naturmangfald, friluftsliv og folkehelse er for store til at det er forsvarleg å opne for ei ålmenn tilgang for fritidskøyring med snøskuter, kommenterer Aasland i ei pressemelding.

– Arbeidarpartiet vil gje kommunane mynde til å etablere snøskuterløyper nær eksisterande vegnett og på ubrøyta snødekt skogsbilvegar. Dersom dette skal fråvikast, må det særskilt grunngjevast. Dette vil vera ei balansert løysing for å ta vare på både lokalt sjølvstyre og gje høve til å bruke snøskuter til næring og nyttekøyring, og ta vare på friluftsliv og tradisjonell naturoppleving på ein god måte, seier Aasland.

Innstillinga frå komiteen blir behandla i Stortinget torsdag.

LES OGSÅ: – Skuterrapport blir misbrukt