Tre måtar å prata om tafsing

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innlegget var først hos NRK Ytring

Dei fleste som deltok i og kommenterte Twitter-aksjonen #jegharopplevd er stort sett samde om at det framleis finst eit likestillingsproblem i Noreg, og at det problemet heiter seksuell trakassering. Dette er ikkje eit innlegg med tal på kor mange som har opplevd det, ei heller ei gjentaking av det evige mantraet om at det ikkje gjeld alle menn. Eg gidd heller ikkje understreke at dette ikkje handlar om mannshat eller kor vidt eg barberer meg under armane. Ingen av delane er relevante, for det eg vil snakke om er korleis vi kjem oss vidare frå den støkken #jegharopplevd sette i oss.

Personleg var det sterkt fordi det både trigga minner eg helst unngår å tenkje på til dagleg, og fordi vi fekk servert tallause slike historier frå kvinner over heile landet. Og eg vart diverre ikkje overraska. Katten er ute av sekken, fleire menn synte si støtte, noko rørte seg i den norske offentlegheita. Men kva skjer no? Korleis kan vi som delte, vi som ikkje vil at våre systrer, venninner, døtrer og mødrer skal måtte ha desse tinga i bakhovudet heile livet, endre noko? Eg har eit par framlegg.

LES OGSÅ: – Mange jenter på 12 år seier at «hore» er eit vanleg skjellsord

Kvinnesynet vert etablert tidleg
For det fyrste: Eg trur synet på korleis ein skal oppføre seg mot jentene og kvinnene ein har rundt seg vert etablert frå ganske tidleg alder. Då eg var tolv år var det akseptert i skulegarden at gutane sprang etter jentene, drog oss i håret og klemte oss på brysta. Dei var jo berre forelska i oss. Ingen lærte oss, verken jentene eller gutane, om grensesetjing og respekt for eigen (og andre sin) kropp.

Det vi skulle vere redde for, var framande menn i bilar som ville gje oss godteri. Ikkje kompisar på fest som prøvar å dra ein inn på badet «for å prate», slik eg opplevde som 16-åring. Eg kom frå det, men det var eit ikkje-tema i min kompisgjeng. Når ein er tolv år er det mykje som er rart og ein har kanskje ikkje heilt kontroll på armar og bein bestandig, men nokon må ta ein prat med ungane før dei faktisk startar å (forsøke å) ligge med kvarandre.

Seksualundervisninga startar for seint
For det andre: Seksualundervisninga startar for seint og er for teknisk. Vi lærte definitivt at det var heilt greitt å vere homofil, korleis ta på eit kondom og korleis ein vert gravid (eller unngår det). Klitoris, derimot, kunne like gjerne vore namnet på ein Pokémon. Viktigskapen av å kjenne eigen kropp og få vite at det er greitt å seie nei takk (eller ja takk, for den del) var det ingen som fortalde oss.

Det var ingen som blei fortalde at det er dust å ha sex med nokon som ikkje vil ha sex med dei, eller at det kanskje kan vere lurt å spørje om ein er usikker på nettopp det. Sjølvsagt er desse tinga kleint å snakke om med ein gjeng fjortisar som får all informasjon om kroppen frå kvinneguiden.no eller gratispornoen som Internett flaumar over av, men den praten må vi ta.

LES OGSÅ: – Gutane må ta ansvar for og jentene må sei nei

Menn må ta ansvar
For det tredje: Menn må ta ansvar. Menn er fortrulege med andre menn, snakkar med dei om kvinner dei likar eller ikkje likar (slik vi kvinner gjer likeins), og menn set sjølv grensene for kor greitt det går an å oppføre seg mot kvinner. Ver gode førebilete. Det er eit paradoks i at det er forventa av oss å skryte av god, alminneleg åtferd mot kvinner, og at vi samstundes må understreke at dette ikkje gjeld alle menn. Vi er klare over det. Men nokon må ta praten med han kompisen som oppfører seg som ei ræv på byen, uansett kor artig han er. Han kjem ikkje til å ta ho som han tafsar på, seriøst. Sei ifrå. Jo fleire menn som får den verbale øyrefiken med beskjed om at det er forskjell på flørting og kjip tafsing, jo færre kvinner vil mistenke alle menn for å vere potensielle kjipingar. Sånn er det berre.

Så: Tre framlegg til kva vi kan gjere. Så er det berre å delegere ansvaret. Sidan vi har demokrati i Noreg så foreslår eg at nokre flinke politikarar kan fikse dei to fyrste. Dei har fått til ting før, med folkekrav i ryggen. Vi har fått til ting før. Den siste veka har synt meg at det ikkje er umogleg denne gongen heller. Kven førar samtalen vidare?

Kommentar: Ikkje ver ein forbanna drittsekk