Landsmøtet til Høgre vil auka lærlingtilskotet og gjera yrkesfaga meir praktisk retta.

mm

– Det er kjempegøy at me fekk gjennomslag for ein veldig god og offensiv resolusjon, seier leiar i Unge Høgre, Kristian Tonning Riise til Framtida.no.

Han er uroa over fråfallet i vidaregåande skule, og viser til at det er behov for 130.000 fleire fagarbeidarar i Noreg innan 2030.

No vil Høgre at program- og teorifag på yrkesfag skal bli meir praktisk retta, skulane bør utarbeida samarbeidskontraktar med bedrifter og institusjonar for å sikra meir relevant utdanning, det skal innførast ei ordning med elevevaluering av lærlingbedrifter og yrkesrådgjevinga i ungdomskulen skal bli betre.

– Og ikkje minst har landsmøtet forplikta regjeringa til å fortsetja å auka lærlingtilskotet til det utgjer kostnaden av ein skoleplass. Dette utgjer ein auke på 20.000 kroner. Denne regjeringa auka det i revidert i 2014, så det blei det auka med endå meir i 2015, og no, etter landsmøtets vedtak i går, er spørsmålet berre kor mykje det skal auka i 2016 og 2017. Dei raudgrøne var flinke til å snakka om yrkesfag. Me er flinke til å satsa på yrkesfag, seier Kristian Tonning Riise.

Elles fekk Unge Høgre mellom anna gjennomslag for å fjerna aldersgrensa i alderslivet og auka satsing på skulepsykologar.

LES OGSÅ: No vil over halvparten gå på yrkesfag

Får ros frå Elevorganisasjonen
Påtroppande leiar i Elevorganisasjonen Kristoffer Hansen rosar Høgre si satsing på yrkesfag.

– Dette er punkt me har snakka om i årevis, så godt å sjå at Høgre ønskjer å satsa på fag- og yrkesopplæring. Det er veldig viktig å opna for fleire tilpassa yrkesfagløp, liknande TAF. Det er også gledeleg at Høgre vil opna for meir hospitering, og opplæring i bedriftene. Me trur det er meir fornuftig å læra seg yrkesfag i praksis, enn i klasserommet.

– Me ser med glede at Høgre vil auka lærlingtilskotet, me kjem til å ha tett oppfølging å sørgja for at pengane kjem når budsjettet blir lagt fram!

LES OGSÅ: Sjekk jobbmulegheitene dine!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE