«Bilda frå ulykka var det siste eg såg då eg lukka auga om kvelden, og det fyrste som slo imot meg då eg vakna».

Gro Anette Fanebust, Nordhordland
Gro Anette Fanebust, Nordhordland

Det var ein sterkt prega mann som først braut saman i tårer, men som sidan stod fjellstøtt og fortalde om ulykka 10. desember 2010, der to unge jenter mista kontroll over bilen, og kolliderte inn i lastebilen som han var førar av. Dei to søstrene på 16 og 18 år mista livet på staden.

– Eg stod på bremsa då eg såg bilen kom imot meg, men med 50 tonn vert det ikkje berre ein bråstopp, du får 80 km/t mot deg i tillegg, forklara Haugstvedt. Han fortalde at personbilen som jentene sat i, snurra 180 grader rundt før den trefte lastebilen, og i samanstøyten blei bagasjerommet trøkt fram i førarsetet. Når det ikkje var meir å gå på, bøygde personbilen seg oppetter fronten.

– Eg visste med ein gang at dette kom til å gå veldig gale, men ringde AMK på veg ut or bilen. Dei indre bilda, dei gløymer eg aldri, sa ein prega Hans-Robert Haugstvedt.

Trøystande ord
Tida etterpå har vore knalltøff for yrkessjåføren. I åtte månader var bilda frå ulykka det siste han såg då han lukka auga om kvelden, og det fyrste som slo imot han då han vakna.

– Eg fekk beskjed om at eg måtte koma meg raskt attende på jobb, og attende til eit normalisert liv. Men det er ikkje så enkelt, fortel Haugstvedt, som hadde si eiga dotter som tilhøyrar i salen. Ho er russ i år, og synest det var sterkt å høyra faren si historie. Dagen etter ulukka fekk Haugstvedt eit kort, som har betydd mykje for han. «Me tenker på deg som uforskuld kom opp i denne ulykka, der begge døtrene våre omkom», stod det mellom anna på kortet.

– Det var godt, men samstundes vondt. For no hadde dei to jentene fått eit namn, sa Haugstvedt, som fortalde at han ikkje hadde møtt familien Holmaas etter ulykka.

– Det trur eg ikkje at eg hadde makta, sa han.

Familiefar mista livet
Framme i kyrkja stod også Ottar Hammersland (33), som for tida sonar ein dom for uaktsamt drap. Han sette seg bak rattet, rusa på amfetamin, og var årsak til ei ulykke ved Mundalsberget, der ein familiefar mista livet, og kameraten som sat på med Hammersland blei skadd for livet. Han hugsar lite frå ulykka, men tida etterpå har vore tøff for 33- åringen, som har vore inn og ut av psykiatri og rusbehandling.

– Konsekvensane av det eg har gjort må eg leva med. Eg skulle gjort alt for at det ikkje hadde skjedd. Det eg opplever er likevel lite, samanlikna med dei som sitt att, og som mista ein far, ein son, ein ektemann, ein ven.

Det var Traffikkfagleg samarbeidsutval som torsdag inviterte russen til det 10. russearrangementet i Nordhordland, der russen får oppleva ei simulert ulykke, og der ungdommane etterpå får møta pårørande og involverte, som fortel korleis ei ulykke brått kan gi livet ei tragisk vending.

Håpet er at arrangementet skal få russen til å tenkja sikkerheit på vegen.

Mange tok til tårene då sjåføren som kolliderte med Holmaas-søstrene i 2010 heldt sitt sterke innlegg for russen.

STERK KOST: Mange vart nok overraska då likbilen kom, men TSU vil visa russen kva konsekvensar det kan få om dei ikkje tenkjer sikkerheit på vegen. Foto: Gro Anette Fanebust

STORT APPARAT: Eit imponerande apparat var sett i sving, og både brannvesen, politi, ambulansepersonell og ambulansehelikopet var på staden. Foto: Morten Sæle

LES SAKA I NORDHORDLAND!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE