Fem nye forfattarar i Aasen-tunet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bildøen til utstilling

Totalt 45 forfattarar har til no fått æra av å vere utstilte i Forfattarrommet på Ivar Aasen-tunet i Ørsta. Gjennom tekst, bilete, gjenstandar, bøker og avisutklipp vert publikum betre kjend med personane bak orda.

LES OGSÅ: Gunnhild Øyehaug er årets festspeldiktar

Gamle og nye andlet
Til ei kvar tid er det totalt ni forfattarar som blir presenterte i rommet. Akkurat no kan publikum òg læra meir om vossahumorist Linda Eide, samfunnsskribent Agnes Ravatn, den folkekjære tv-skaparen Oddgeir Bruaset og spenningseksperten Lars Mæhle.

I likheit med Agnes Ravatn, vart Brit Bildøen nyleg tildelt P2-lyttarane sin romanpris for sisteboka «Sju dagar i august».

Bildøen var festspeldiktar i 2001 og vitjar Dei nynorske festspela igjen saman med forfattarane Lars Amund Vaage, Bjørn Sortland, Kristina Leganger Iversen – og sjølvsagt årets festspeldiktar Gunnhild Øyehaug.

Brageprisvinnar Ruth Lillegraven er òg kome med i det gode selskap.

Mottakar av Nynorsk litteraturpris for 2015, Lars Petter Sveen, er eit anna nytt tilskot til utstillinga. Forfattaren som har hausta strålande kritikkar for tredjeboka «Guds barn» har tidlegare vore festspelforfattar under Dei nynorske festspela ved Aasen-tunet.

LES OGSÅ: Den nye, gamle historia

Hanssen og Moddi
Av eldre forfattarskap finn me den nordnorske forfattaren og journalisten Arvid Hanssen (1932-1998).

Hanssen vart råka av polio då han var seksten år gammal, og var ein talsmann for dei veike og sjuke i samfunnet.

Den nordnorske naturen og levemåten har òg vore viktig i forfattarskapen til senjaværingen.

I 2013 fekk dikta «Blå kveill» og «Grønt lauv i snyen» nytt liv då artisten Moddi tolka desse og vann Spellemannspris for innsatsen. 

LES OGSÅ: Forfattarane løftar blikket

Heidrar Jan Roar Leikvoll
Sist men ikkje minst vil Aasen-tunet heidra Jan Roar Leikvoll som gjekk bort i 2014.

– Familien hans har vore sjenerøse og lånt oss gjenstandar til utstillinga, seier dokumentasjonsleiar Anders Aanes i Ivar Aasen-tunet.

Leikvoll hausta gode kritikkar og mange prisar for dei fire bøkene han gav ut i perioden  2008 til 2013.