Debutant vann ny pris

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Debutant vann fersk pris

– Eg må få takka spesielt dei 25.000 elevane som har lest utdrag av bøker og dei fem juryklassane som har lest dei nominerte bøkene. Det er heilt utruleg, sa Alexander Løken frå scena på Nobels Fredssenter då han i dag mottok den første bokslukarprisen.

Forfattaren sjølv var veldig overraska over å få historiens første Bokslukarpris, som er oppretta av Foreningen !les.

I tillegg til rosande omtale frå målgruppa fekk vinnaren ein sjekk på 10.000 kroner.

LES OGSÅ: Fryktar for lesetilbod for 200.000

Pageturner og pulsaukar
Prisen er ein nasjonal leselystaksjon for sjetteklassingar. Hausten 2014 har fleire tusen elevar lese utdrag av ti bøker berekna på aldersgruppa 10-12 år og kome fram til fem superfinalistar.

Desse finalistane vart lese av fem skuleklassar som saman kom fram til vinnaren.

Alexander Løken skåra blink med sin debutroman «Trollskallen», ein fantasy-roman som tek utgangspunkt i Kristiania anno 1887 og tek lesarane med på ein eksentrisk ekspedisjon til Østerdalens djupe skogar.

Juryen meiner at vinnarboka har gode skildringar, som gjer at lesaren vert godt kjent med karakterane.

«Alle sansane våre vert aktivert og pulsen aukar i takt med sidetala. Det er lett å leve seg inn i boka, og den gjev deg til og med ei grøssarkjensle», heiter det i grunngjevinga.

Prosjektleiar Troels Posselt rosar innsatsen elevane har lagt ned i arbeidet med å kåra vinnaren.

– Det har vore interessant å oppleva kor engasjerte sjetteklassingane har vore i dette prosjektet og korleis juryelevane har tatt oppdraget på alvor, seier han i pressemeldinga frå Foreningen !les.


Prisvinnaren saman med representantar frå juryklassane frå Kila skole i Harstad, Haus skule i Osterøy, Spangereid skole i Lindesnes, Nordli skole i Østre Toten og Bøler skole i Oslo. Foto: Vibeke Røgler, Foreningen !les

Faktaboks

 Dei nominerte var:

«Trollskallen» av Alexander Løken (Cappelen Damm)

«Zombie-Bjarne»  av Sigbjørn Mostue, illustrert av Ketil Bleidin (Cappelen Damm)

«En flåte av gull» av Aslak Dørum (Aschehoug)

«Vindeltorn»av Tone Almhjell (Gyldendal)

«Revolvergutten» av Arne Svingen (Gyldendal)