Me kastar mest elektronisk avfall i verda

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noreg ligg på verdstoppen

Kvar og ein av oss kasta i snitt 28,4 kilo med såkalla EE-avfall i 2014. Det gjer Noreg til landet som kasta mest i verda per innbyggjar, konkluderer ein fersk rapport frå FN-organet United Nations University (UNU), skriv nyheitsbyrået AFP.

UNU åtvarar om at avfallet utgjer ei «giftig gruve». Fleire tonn med giftige stoff, blant dei kvikksølv, kadmium og krom, inngår i avfallet. I tillegg inkluderer avfallet rundt 4.400 tonn med gassar som bryt ned ozonlaget, såkalla CFC-gasser.

– Det er tragisk på to måtar, strekar fagrådgjevar Karl Kristensen i Bellona under.

– For det første inneheld jo mange av desse produkta stoff som er skadelege for oss sjølve og miljøet. Dette er produkt som må bli handtert forsvarleg, noko som ikkje skjer i tilstrekkeleg grad i dag.

– For det andre er det rein sløsing med ressursar av materialar vi er i ferd med å gå tomme for, seier Kristensen.

LES OGSÅ: Gamle mobilar er gull verd

Sjeldne jordmetall
Han fortel at det særleg er dei sjeldne jordmetalla og kobbar som det blir brukt svært mykje av i elektronikk, og som det finst lite av i jordskorpa.

– Det er mangel på desse ressursane, og vi står rett og slett i fare for å gå tomme for dei, seier Kristensen.

Ifølgje rapporten frå UNU er det også over 300 tonn med gull i avfallet, noko som svarar til 11 prosent av den totale mengda gull som blei vunne ut i verda i 2013.

Verdien av alt avfallet – hadde det blitt resirkulert – er 52 millionar dollar, eller om lag 407 millionar norske kroner, heiter det i rapporten.

LES OGSÅ: Kan ein telefon endre verda?

Ikkje overraska
Kristensen synest ikkje det er overraskande at vi nordmenn med vår rikdom og vårt forbruk, toppar denne statistikken.

– Norske styresmakter gjer i dag lite for å avgrense denne type forbruk, og mange meiner vel at det er vanskeleg å få til avgrensingar i forbruket. Men Noreg burde i alle fall få langt betre ordningar for både innsamling og attvinning av avfallet.

– Vi burde gjere mykje meir for å få til eit såkalla lukka kretsløp, der ein utnyttar komponentane i avfallet som råstoff for ny produksjon. I dag er det ganske tilfeldig korleis dei ulike kommunane legg til rette for innsamling av elektronisk avfall. Det er ein lite heilskapleg avfallsstrategi for desse produkta i dag, og ein langt meir ambisiøs og detaljert plan er nødvendig, seier Kristensen.

LES OGSÅ: Studentar vann med «trashtag»


Utrangerte EE-produkt skal leverast inn og sorterast som EE-avfall. Foto: Anne Sofie Gjestrum, Miljødirektoratet

Over 40 millionar tonn
Totalt enda 41,8 millionar tonn med EE-avfall på søppeldyngene i verda i fjor. Det svarar til ei 23.000 kilometer lang rekke med 1,15 millionar tunge lastebilar med avfall, heiter det i rapporten frå UNU.

På lista over land som kasta mest per innbyggjar i fjor, er Noreg tett følgt av Sveits (26,3 kilo), Island (26,1 kilo), Danmark (24 kilo) og Storbritannia (23,5 kilo).

Hakk i hæl kjem Nederland, Sverige, Frankrike, USA og Austerrike, der alle innbyggjarane kasta meir enn 20 kilo EE-avfall kvar.

Kontinentet med minst EE-avfall per innbyggjar var Afrika, der kvar person kasta 1,7 kilo kvar. Totalt stod heile det afrikanske kontinentet berre for 1,9 millionar av samla 41,8 millionar tonn med dumpa EE-avfall i verda. (©NPK)