– Kast kleda i vårsola

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er mykje betre å få sol på kroppen enn å vere livredd for forkjøling, seier fastlege Kenneth Gutterup til NRK.

Sommarklede i vårsola er ikkje ein billett til forkjøling, slår han fast.

– For det første er forkjøling eit virus, og vi blir ikkje forkjølt av kulde. Vi kan bli fortare forkjølt viss vi har frose. Då får eit virus lov til å setje seg, men det er veldig forskjellig frå person til person, forklarer Gutterup.

Han fortel at nokre nemleg toler å fryse litt utan å bli forkjølte, medan andre kan bli sjuke. Det handlar om den evna immunforsvaret har til å ta knekken på virus.

Legen meiner vi godt kan ta av oss når vårsola varmar.

– Ja, det er ikkje så farleg om vi skulle få litt sol på kroppen og masse gode D-vitamin. Om det betyr bikini, må ein jo kjenne på sjølv. Men ikkje ver redd for å fryse litt, vi må ikkje gløyme at vi stammer frå vikingane, seier han.

For å unngå forkjøling skal du ikkje ta deg i ansiktet. Ikkje bruk fingrande til å klø deg i auge, plukke deg i nasen eller pirke i tennene. Hald deg unna alle våtområde med hendene dine, er råda frå legen.

– Klør du deg under nasen og tar på dørhandtaket på butikken etterpå, kan du både bli smitta og smitte andre. (©NPK)

LES OGSÅ: I år blir sommaren litt lengre