Med eit normalt norsk forbruk vil me trenga meir enn 7 planetar for å tåla påkjenninga. Men det finst ingen Planet B, er bodskapen for Jordas dag.

– Miljøutfordringane me står overfor i dag er mange. Menneskjeskapte klimaendringar, rasering av urørt natur som følgje av intensivt jordbruk og byggjeprosjekt, overskatting av fiske- og dyrebestandar, ulovleg jakt, forsøpling og forureining av økosystem, mikroplast i havet – lista er lang. Felles for dei alle, er at dei kan sporast tilbake til økonomisk vekst og vårt materielle forbruk, seier Lage Nøst, talsperson for Grøn Ungdom.

Han meiner merkedagar som Jordas dag er nyttige for å stå tydeleg saman og sei ifrå til makthavarane kva retning ein vil gå for å redda planeten.

– Men det er summen av handlingane våre på alle vanlege dagar som gjer den store skilnaden, seier han.

Jordas dag blir markert 22. april kvart år, for å markera starten på den moderne miljørøyrsla i 1970. Datoen kjem frå den arrangementet til den amerikanske senatoren Gaylord Nelson, som kom ein månad etter den originale Earth Day, grunnlagt av aktivisten John McConnell for å heidra jordkloden. I dag blir dagen markert i nesten 200 land.

Kva kan du om klimaendringar? Test deg sjølv

– Bra for lommeboka
I høve dagen er det fleire kampanjar rundt i verda. Hovudkoordinatorane bak dagen er Earth Day Network, som på sine sider har ein fotavtrykk-kalkulator.

Ved å legga inn kor mykje kjøt du et, kor ofte du kjøper ny elektronikk og nye klede, korleis du bur og korleis du kjem deg rundt i verda, får du svar på kor høgt forbruket ditt eigentleg er – sjølv med eit lågt forbruk etter våre standardar trengst det 7 jordklodar for å tåla forbruket.

Sjekk kor hardt utslag ditt forbruk har her!

At forbruket vårt er så enormt som det er i dag, gjer at mange meiner Earth Day er ei tom markering – og som Lage Nøst også seier: Det er resten av dagane i året som betyr noko.

– Ein bør bruka alle høve, ikkje berre Earth Day, til å snakka med vener og familie om kva me bør gjera for å redusera det økologiske fotavtrykket vårt. Til dømes kan du sei at du helst vil ha økologisk, kortreist blomkålsuppe til middag i dag.

Han påpeiker at eit skifte i økonomien er naudsynt for å møta miljøutfordringane.

– Me må omgåande innretta økonomien smartare og meir sirkulært, slikt at han ikkje må tøya jorda sine tålegrenser for å fungera. Me må basera oss på attvinning og fornybare ressursar. Ein grønare livsstil og samfunnsordning er bra for både lommeboka og livet på jorda, seier Nøst.

Slik markerer nordmenn Jordas dag – me kastar mest elektronisk avfall i verda

75 prosent må bli i jorda
For å unngå dei verste konsekvensane av klimaendringane og gå over togradersmålet, må 75 prosent av dei fossile ressursane som ligg i jorda bli liggande, skriv The Guardian.

Bodskapen kjem frå Earth League – ei gruppe forskarar som jobbar for å gjera folk meir bevisste på klimaendringane.

– Frå eit vitskapleg perspektiv er 2015 ein avgjerande augneblink. Vindauget for å unngå togradersgrensa er knapt open. Dette er siste sjanse til å styra mot ei ønska framtid, seier Johan Rockström, ein av forfattarane bak bodskapen.

– Det er så frustrerande, fordi valet står mellom å halda fram som før med katastrofale følgjer, samstundes som me har ein unik sjanse til å gjera verdsøkonomien fossilfri, og me kan gjera det på ein måte som er tryggare og sunnare, held han fram.

I samband med Earth Day har også The Guardian laga denne videoen:

LES OGSÅ: – Prisen for å nå togradersmålet er beskjeden

– Unnskyld!
Rapparen og aktivisten Prince Ea har laga ein eigen video – ein musikkvideo der han ganske enkelt seier unnskyld til generasjonane som kjem etter oss.

På dei få dagane videoen har vore ute har den blitt delt mykje – sjå den her:

PS: Slik markerer Google Jordas dag!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

Kommentarar

ANNONSE