Noreg får fleire sykkelambulansar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg oppmodar arrangørar til å nytte oss, seier Lars Gunnar Nilsen, stasjonsleiar ved Stord ambulanse i ei pressemelding. 

Han er spent på mottakinga når arbeidsgjevaren Helse Fonna lanserer sykkelambulanse for fyrste gong.

LES OGSÅ: Svenske sms-ar reddar liv

Lette livreddarar
18 ambulansefolk har fått opplæring som sykkelambulanse, og skal arbeide i par.

Helse Fonna har investert i tre ambulansesyklar til 45.000 kroner per køyrety, inkludert ekstrautstyr. I sykkelveskene har ambulansepersonellet medisinsk utstyr til dei fleste akuttmedisinske tilstandar, noko som kan bety forskjellen på liv og død.

Dei tohjula ambulansearbeidarane kan kome seg raskt fram blant folkemengder med sykkel og Helse Fonna tilbyr arrangørar å leige sykkelambulansane til mellom anna festivalar og sportsarrangement i Sunnhordland og på Haugalandet.

LES OGSÅ: Set festivalen framfor helsa

Frå Drammen til Haugesund
– Me tykkjer det er gledeleg å kunne presentera sykkelambulanse. Det vert eit supplement som er innretta for å gje kortare responstid under arrangement der ordinær ambulanse kan bli hindra på vegen av mykje folk eller sperringar, seier Anne Hilde Bjøntegård, direktør for medisinsk service ved Helse Fonna til Haugesundnytt.

Sjukehuset Buskerud HF i Drammen var først ute med ambulanse på to hjul i 2008.

I tillegg har både Trondheim og Bergen syklande ambulansefolk, som kan nyttast på 17. mai og til andre folketette arrangement.

LES OGSÅ: Vil ha færre naudsentralar