Bygger seg til topps

Fitness blir meir og meir populært, men det er ikkje dopingtestar i konkurransane.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først hos Universitas, og er omsett til nynorsk for Framtida.no

Ein stor fyr kastar frå seg kalkunpålegget på bordet framfor oss og brummar til for å sei ifrå om at me sit på plassen hans i den slitne skinnsofaen på 24Fitness på Karl Johan.

– Det er her alle dei kjente utøvarane trenar når dei er i byen, fortel datateknologistudent Eivind Slaatto (20) og ruslar innover i lokalet. Mange har trent her før han og det ser ut til å bli fleire.

Fitnesskonkurransen «Oslo Grand Prix» vart heldt i Oslo Konserthus laurdag. Med 285 deltakarar er konkurransen i år større enn nokon gong før.

LES OGSÅ: Trendy å ha personleg trenar

Deltakarrekord
Mange assosierer kroppsbygging og fitness med bulande musklar, men størst er ikkje nødvendigvis best lenger.

– Greinene Bikini Fitness og Men's Physique har blitt spesielt populære, medan det har vore nedgang i tradisjonell kroppsbygging, fortel styremedlem i Norges kroppsbyggar- og fitnessforbund (NKF) Nadia Isabella Pettersen

Sjølvrealisering
Gunnar Breivik, idrettssosiolog og professor ved Norges Idrettshøgskule, meiner framveksten av dei kommersielle treningssentra på åttitalet har vore avgjerande for fitnessgreina si aukande popularitet.

– Styrketrening stod sentralt og spegla på sentera lét folk spegla kroppane sine, seier Breivik.

Han meiner tendensen har blitt styrka av ein individualistisk og sjølvrealiserande kultur.

– Me definerer liva våre sjølv, korleis me vil sjå ut, og me konkurrerer om popularitet, seier han. Han legg til at ein bra kropp og ein bra utsjånad er ein del av å konkurrera om å vera vellukka.

Rein trening
Spegelen står også i sentrum på 24Fitness.

– Poseringstrening er ein viktig del av arbeidet vårt. Eg har alltid vore redd for å gå på scena, men du øver mykje, så blir det naturleg, seier BI-student Magne Tronrud (21).

– Her kan ein gå rundt naken om ein vil, seier Slaatto litt tøysete.

Trass i den tilsynelatande utviklinga mot eit mindre fokus på store musklar, er treningssenteret likevel dekorert med plakatar av noverande og tidlegare «store» heltar, og Schwarzenegger sine monstermusklar er ei klar påminning om at doping framleis er eit spørsmål miljøet må forholda seg til.

– Det er mykje ureinheit i vanleg kroppsbygging, fortel BI-studenten Magne Tronrud, og siktar til bruk av ulovlege dopingmidlar.

– For meg er det viktig å stå fram for at det eg gjer er hundre prosent naturleg. Det er vanskeleg for meg å stilla i ein stor bodybuilding-klasse, og derfor valde eg ein klasse som Men's Physique, der målsettinga er mogleg for meg, seier Tronrud.

LES OGSÅ: Reagerer på usunt kroppspress

Dopingfri
Jørgen Kvam skriv bloggen dopingfri.no for å fremja «rein» trening. Han meiner den tradisjonelle kroppsbygginga sitt enorme fokus på å vera «stor» gjer det umogleg å hevda seg utan bruk av dopingmidlar. Likevel meiner han at ein har ein veg å gå for å gjera kroppsbyggings- og fitnessmiljøet dopingfritt.

– Det er ei uoversikteleg konkurransegrein og eg trur det framleis står mykje igjen for å rydda opp i miljøet, seier han.

Først i juli 2013 vart doping ulovleg. Endringar i legemiddellova gjer at det no er forbode å kjøpa og bruka anabole steroidar.

Testar ikkje deltakarane
Styremedlem Pettersen i NKF seier at dårleg økonomi er grunnen til at ein enno ikkje testar deltakarane på konkurransane i Noreg, slik ein gjer internasjonalt.

– Me er i dialog med Antidoping Norge for å få til eit framtidig samarbeid om å jobba mot ein reinare sport, seier Pettersen.

Også Slaatto meiner det er behov for dopingtestar i fitnesskonkurransar i Noreg.

– Akkurat som i alle andre sportar, er det nødvendig å konkurrera på likt grunnlag, seier han. Han legg til at han trur dopingtestar ville hjelpt ryktet til sporten.

Pettersen, som i helga var med å arrangera Oslo Grand Prix, trekk fram greina Bikini Fitness som spesielt populær, noko som tyder på at sporten ikkje lenger er like mannsdominert.

Dina Diep Hoang (19) er ein av eit aukande tal på jenter som konkurrerer i denne greina. Ho har lag om kvardagen og jobba hardt sidan november for å delta i Oslo Grand Prix i helga.

I høge hælar og ein todelt bikini blir jentene vurdert i greina Bikini Fitness med følgjande kriterie: «Ein godt proporsjonert, sunn og tiltrekkande utsjånad lik det ein kan sjå hos modellar.»

Dina er budd på dette og nøler ikkje med å demonstrera konkurransepositurane. Fleire månader med diett og mykje trening tek på.

– Me et mindre og mindre nærare konkurransen, og eg kjenner meg aldri mett. No føler eg meg veldig daff og sliten, men gler meg veldig til å konkurrera i helga, seier ho.

LES OGSÅ: – Mange gjer det grunna eit usunt kroppsideal

Hardt arbeid
– Når det nærmar seg konkurranse fell energinivået, og du kjenner det veldig på kroppen, byrjar å bli sliten og gløymer fort, fortel Magne. I fitnessmiljøet kallar dei det «brokkolihovud».

– Det kan vera ugunstig i studiesamanheng, innrømmer han.

Slaatto fortel også at det er vanskeleg å kombinera fitnesstrening og diett med studiane. Han studerer anvendt datateknologi ved Høgskulen i Oslo og Akershus.

– Det er tøffare enn eg trudde, og det har heilt klart gått ut over studiane.

Sceneshow
Etter fleire månader med diett, er målet å nå formtoppen når konkurransen blir heldt. For å hevda seg i konkurransen må muskulaturkonturane vera markert. Utøvarane må redusera feittprosenten radikalt og kvitta seg med mesteparten av vatnet i kroppen.

– Me trappar ned væskeinntaket og kuttar vatnet heilt den siste dagen. Me drikk også litt vodka for å få vekk det siste av underhudsvæska, seier Slaatto.

For å styrka muskelkonturane smørjer dei seg inn med sjølvbruning før konkurranse.

– Du skal skinna før du går på scena, fortel Eivind.

– Med glaze får du inntrykk av at me kjem dryppande opp av vatnet, eller skin som diamantar, avsluttar han og ler.

LES OGSÅ: Kjøper doping for konfirmasjonspengane