Ungdom i Sogn og Fjordane er sinte, oppgitte og uroa fordi dei fryktar Framtidsfylket ikkje lenger bryr seg om framtida.

Inger Fure Grøtting (23), Sondre Nave (22), Mari Frøyen (22), Siri Vatsø Haugum (22) og støtta av over 500 unge Sogn og Fjordingar
Inger Fure Grøtting (23), Sondre Nave (22), Mari Frøyen (22), Siri Vatsø Haugum (22) og støtta av over 500 unge Sogn og Fjordingar

Regjeringa sitt ja til fjorddeponi kom som eit sjokk. I fleire år har vi sett på politikarane sitt ynskje om sjødeponi som bakvendtpolitikk. Vi har vore bekymra, men innerst inne har vi tenkt at det jo aldri kjem til å bli realisert. Fredag skjedde det likevel.

Vi samla ein gjeng og skrev eit innlegg. Gjennom Facebook samla vi over 500 unge frå heile fylket som las gjennom og ville sette namnet sitt på det. På berre litt over eit døgn! Dette i seg sjølv viser at unge frå Sogn og Fjordane står sterkt og samla. Her er vår bodskap til fylket og regjeringa:

Ein dag vil vi flytte heim til Sogn og Fjordane. Flytte heim til det vi kallar Framtidsfylket og Trivselsfylket, fylket som er blått og grønt.

På fredag sa regjeringa ja til Nordic Mining sine planar om sjødeponi i Førdefjorden. Vi er sinte, oppgitte og uroa fordi vi er redde Framtidsfylket ikkje lenger skal bry seg om framtida.

LES OGSÅ: Natur og Ungdom er klar til å bryta lova 

Sogn og Fjordane er eit fylke som stadig er truga av fråflytting. Vi unge forlét fylket for å ta utdanning i dei store byane, og det er ein stadig kamp for å overtyde oss om å flytte tilbake til fylket når vi er ferdig utdanna.

Sogn og Fjordane har i fleire år gjort eit imponerande arbeid på denne fronten. Ein har greidd å etablere varemerka «Trivselsfylket» og «Framtidsfylket». 

På fredag fekk vi eit klart og tydeleg bodskap frå fylket og regjeringa: Dei vil heller ha kortsiktig vekst framfor langsiktig og framtidsretta verdiskaping i fylket. Når truverdige faginstansar seier stopp, har vi tillit til at våre folkevalde vil lytte. Når risikoen er så stor, stolar vi på at dei ikkje satsar alt, men heller investerer i framtida.

Regjeringa tek eit val som manglar respekt for kunnskapsgrunnlaget og klare råd frå fag- og forskingsinstansane, eit val som manglar respekt for ungdommen.

LES OGSÅ: Regjeringa seier ja til sjødeponi i Førdefjorden

Både når folk heime prøver å overtyde oss om å flytte heim, eller vi prøver å overtyde kvarandre, er det eitt overordna moment som går igjen: Saknar du ikkje fjella, fjordane og sjøen? Og jo, det gjer vi. Tilhøyrsla og kjærleiken til naturen stikk djupt i oss.

Når vi lengtar etter Sogn og Fjordane, søker vi etter marka i Oslo eller dei sju fjella i Bergen. Vi har lært oss å vere glade i naturen. Å verne om den. Det er difor vi bryr oss om Førdefjorden, ein del av vårt arvesølv.

Vi kan ikkje risikere det mest dyrebare vi har for kortvarig gevinst. For når ein ser stort på det, vil gruvedrifta gi kortvarig glede, men dersom vi passar på, vil det rike livet i fjorden og alle ressursane det fører med seg, kunne gi oss glede og livsgrunnlag i uoverskodeleg framtid.

I denne saka er det tydeleg at ein burde lagt føre-var-prinsippet til grunn og sagt eit klart og tydeleg nei til fjorddeponi.

LES OGSÅ: Lysbakken: – Regjeringa har to oljeministrar

Miljøomsyn er ikkje noko ein berre kan ta når det passar bra. Ein kan sjå på fleire område at ein slik strategi fører med seg større og meir langvarige skader enn gevinstar.

Skal vi risikere å drepe livet i fjorden for eit industrieventyr som vil skape vekst i ein periode, men som etterlatar seg eit dødt landskap med avgrensa moglegheiter for vidare vekst?

Vi må spørje oss sjølve korleis dette eventyret vil ende. Slik vi ser det vil ikkje Nordic Mining stå igjen som Askeladden som vinn fjorden og halve kongeriket, men heller det store, stygge trollet. Dette er eit eventyr som er for godt til å vere sant.

All vekst er diverre ikkje god vekst. Vi er ein generasjon som tenker annleis enn vår foreldre og det er ikkje slike arbeidsplassar vi vil ha.

Omstillinga i norsk økonomi kan ikkje basere seg på skitten industri. Vi ynskjer oss derimot eit bærekraftig og grønt framtidsfylke, ein heimplass vi vil halde fram med å vere stolte av å kome frå. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE