Rusfri i eitt år – no skal Anita springa maraton

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vart kvitt rusen, trener til maraton

Saka var først publisert i Porten.no

– Viss ikkje han hadde teke meg den dagen for over eit år sidan, så hadde eg kanskje gitt blaffen.

Anita Rinde ser på Geir Reidar Hestetun og smiler. Saman gjer dei seg klare for ein joggetur. For litt over eit år sidan fann Hestetun Rinde sterkt rusa ved kyrkjegarden.

– Ho hadde fått seg ei sprøyta, og då fekk ho siste beskjed. Då hadde me oss ein lang samtale og sidan har ho vore rusfri, seier Hestetun. 

I fem-seks år har Hestetun vore ein del av eit prosjekt saman med Arve Otto Nundal som skal hjelpa folk som slit med å takle kvardagen gjennom trening. Når Porten.no besøker styrkerommet i Årdalshallen denne måndagen, er det ein plass mellom sju og ti brukarar der, i alle aldrar.

– Eg sleit ein god del sjølv før eg kom til han (Nundal). Eg har prøvd å ta livet mitt, og det er ikkje særleg moro. Eg havna på Rutlin og var der ei tid. Så kom eg tilbake og trefte han, og då kom eg ned her for å trena. Det har hjelpt meg, og no har me fått med NAV på eit prosjekt som me har hatt i iallfall fem-seks år, fortel han.

LES OGSÅ: – Må slutta å vera naive

Mista mannen sin
Etter kvart kom Rinde inn i biletet. Hestetun bestemte seg då for at han ville hjelpe 47-åringen. Etter eit par advarslar kom altså denne siste 1. april i fjor. Då snudde alt. 

Artikkelen held fram under biletet.


Om to veker skal Rinde delta på Oslo Maraton. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Eg har vore opp og ned, hit og dit og skuffa mange i familien min, men det er ikkje berre å slutta. Alle seier at det berre er å stoppa, men så enkelt er det ikkje. Skjedde det noko drastisk i livet mitt som eg ikkje takla, så ja…

– Ein byrjar ikkje å rusa seg når ein 30 år, men eg gjorde det fordi eg mista mannen min og sat att med fire ungar. Så fann eg ein annan idiot, og då vart eg hekta på det. Til slutt stakk eg frå han og jobba meg opp. 1. april hadde eg vore rusfri i eit år, og no er det snart åtte månadar utan røyk også, smiler Rinde og viser tommelen opp. 

Ho fortel opent om at ho sjølv var langt nede og hadde det svært tøft.

– Det var mange overdosar der eg haldt på ikkje å vakne att, og det var til og med ei som heiv meg på fjorden i Bergen og skulle drukna meg. Eg var inn og ut, men etter kvart sprakk eg færre og færre gonger. Julehelger er verst, seier ho.

LES OGSÅ: – Eg er heilt mållaus over responsen

Overvinna frykten
Kvar måndag, onsdag og fredag samlast dei for å trena. Rinde meiner dette er eit godt hjelpemiddel.

– Det hjelper mot det meste, anten det er rus, psykisk, kjærleikssong, eller noko anna. Det er jo trening som har hjelpt meg. 

Medan me snakkar, kjem ei kvinne med sosial angst inn. Hestetun tek ho imot og ser til at ho kjem på treningsstasjonen sin før han returnerer til intervjuet.

– Ho har det akkurat slik som eg hadde det då eg gøymde meg ved bruer og alle plassar. No er det litt for mykje folk her for ho, men dette må me klara. Dette er medisin, seier eg til ho. Me må overvinna det me er redde. Her må me pressa oss sjølve. Det er metoden eg har brukt, og i dag klarar eg meg nokonlunde bra, ler han. 

LES OGSÅ: Færre ungdommar rusar seg

Plass til fleire
Det er ikkje berre mellom tilmålt tid tre gonger i veka at dette prosjektet er i fokus. Hestetun seier han ofte ringer i helgene og spør om det er noko han kan gjera. 


Det er tunge tak for dei som er med på prosjektet, men trening gir ein form for rus og glede det også, seier Rinde. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Eg fekk ikkje oppfølgjing og veit kor vondt det kan vera, at ingen brydde seg. Det er veldig viktig slik at ho føler at ho er eit menneske. Me har fått støtte heile vegen, og då ser brukarane at det er bra, at folk ikkje ser ned på oss. Me har plass til fleire her, oppmodar han.

Rinde innrømmer at det har vore som ei berg- og dalbane, men fortel at også trening gir rus og glede.

– Når eg kan klara det, så kan mange andre det også. Eg kom inn i dette programmet, og det passa meg ypperleg. 


For Jorunn Falkgjerdet, ei som også nyttar seg av dette tilbodet, var det eit stort steg å trene i hallen etter som ho slit med sosial angst. No kjenner ho seg mykje betre, fortel ho. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Stort steg
Kvinna med sosial angst ville først ikkje snakka med Porten.no, men seinare på dagen tek Jorunn Falkgjerdet kontakt. Ho fortel at i mange år har ho periodevis slete med psyken og sosial angst. For eit år sidan byrja ho å trene ved å gå turar før ho etter kvart vart tipsa om tilbodet i hallen.– Det var eit stort steg for meg å byrja og trena i ein hall og med styrketrening. Etter den første treninga kjende eg ei vanvittig godkjensle. Eg kjenner på den sosiale angsten, men i liten grad. Det er mykje lettare no enn det var før, og eg har folk som står meg nærma, og som støttar og motiverer, fortel ho.

– Eg er veldig glad for at eg er blitt kjend med Geir Reidar (Hestetun). Han er ein utruleg flott mann som hjelper meg mykje i hallen. Eg har no betre psyke og sosial angst og vil retta ein stor takk til han, folk som har trua på meg, som har hjelpt, støtta og motivert meg.