Spelsuksess for folkehøgskulane

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Søkjartalet for hausten er veldig bra. Skulen er full og me har ventelister, fortel rektor ved Sunnhordland folkehøgskule Mona Økland.

LES OGSÅ: No er cosplay på folkehøgskulen

Spel og cosplay
I desse dagar jublar folkehøgskular over heile landet over at sju prosent fleire elevar har takka ja til skuleplass til hausten, samanlikna med same tid i fjor.

Sunnhordland folkehøgskule, som ligg på Halsnøy i Kvinnherad, har hatt gode søkjartal til dei 90 skuleplassane dei siste åra, men opplevde ein liten nedgang i fjor.

I år opplever dei i likheit med resten av Sør- og Sørvestlandet ei auke i talet på søkjarar.

Etter at Sunnhordland folkehøgskule i 2010 starta linja speldesign, har fleire skular følgt på. Det har vist seg å verte ein suksess.

Første året hadde Speldesignlinja 13 elevar og har sidan auka til 22 elevar i inneverande skuleår. Til hausten utvidar dei igjen, og tek imot heile 30 unge, lovande speldesignarar.

Nye linjer knytt til dataspel og kulturen rundt dette opplever størst vekst. Kategorien “andre fag og linjer”, som mellom anna inneheld speldesign, e-sport og cosplay, har ein auke på 40 prosent på landsbasis.

LES OGSÅ: Her kan du game i skuletida

Kunsten å spele
Dagleg leiar ved Informasjonskontoret for folkehøgskulen Dorte Birch rosar nyskapinga og kallar Sunnhordland folkehøgskule eit føregangsprosjekt når det kjem til spelretta linjer.

– I inneverande er det fem skular som tilbyr spelrealterte linjer. Det har vore ein del skepsis mot e-sportlinjene, spesielt frå Frp. Dette trur eg botnar i generelle fordommar mot spel, noko som er synd, sidan spel gjev spennande utfordringar. Når ungdommane jobbar saman som lag er det mykje av det folkehøgskulen handlar om, meiner dagleg leiar ved Informasjonskontoret for folkehøgskulen.

Rektor ved Sunnhordland folkehøgskule meiner å sjå at folkehøgskulane og samfunnet er i ferd med å ta spelkulturen meir seriøst.

– Alle ungdommar i dag er vakse opp med eit forhold til spel, det å setje det inn i ei folkehøgskuleramme der ein jobbar saman trur eg er bra. Då me starta linja såg me etter eit fag som kunne vere aktuelt saman med dei andre linjene me har. Ein av inspektørane kom med forslaget om speldesign, fordi han hadde born som var interessert i dette. Me fann ut at kombinasjonen med spel og mellom anna teikning passa veldig godt, forklarar Økland.

At spelselskapet TripleRam Games beståande av tre speldesignelevar og ein kunstelev ved skulen nyleg vann utviklarprisen på spelsamlinga The Gathering underbyggjer dette.

Sunnhordland folkehøgskule tilbyr òg linjene Musikk, Musikkproduksjon, Dans – puls – styrke, Teater og film og det populære tilbodet Kunst +.

I år har Speldesignlinja fire jenter, medan det er seks søkjarar til haustens kull.


På landsbasis merkar folkehøgskulane auka interesse for idrett og friluftsliv. Surfing er ei av dei mest populære linjene på Jæren. Foto: Jæren fhs

LES OGSÅ: Dataspel gir søkjarboom

Mot straumen på Jæren
På landsbasis har dei tradisjonelle linjene som inneheld friluftsliv og idrett fått ei kraftig søknadsauke, på 39 og 25 prosent.

Sosialfag og reiseliv opplever noko nedgang, men tendensen er ikkje lik overalt.

– Me opplever god søknad på sosiale fag i motsetnad til landstrenden, forklarar rektor ved Jæren folkehøgskule Dag Folkvord i ein epost.

Fjoråret var deira dårlegaste nokosinne, men komande skuleår ser lysare ut for skulen. 32 prosent fleire har takka ja til plass på Jæren folkehøgskule, enn på same tid i fjor.

Surfelinja er i likheit med tidlegare år populær. Dei har òg gode søkjartal til linja Art, Design, Travel og utvidar difor denne hausten tilbodet, frå ein til to klassar med femten elevar i kvar. Dette har skulen kapasitet til fordi den planlagde sykkellinja ikkje vert starta opp på grunn av manglande interesse.

Ingen område har lågare søkjartal enn fjoråret, men Trøndelag aukar med under ein prosent.

LES OGSÅ: – Ungdomsparti som treng merksemd

Kake til kunnskapsministeren
På Informasjonskontoret for folkehøgskulen takkar dei høgare makter for årets auke, som kjem på toppen av eit godt fjorår. 

– Me vurderte å sende bløytkake til kunnskapsministeren då me såg dei gode tala, seier dagleg leiar Birch.

Ho trur årsakane til veksten er samansett. Ei forklaring er mediemerksemda tilbodet fekk då regjeringa foreslo kutt i støtta til folkehøgskulane på statsbudsjettet for 2015. Over 20.000 meldte seg i løpet av kort tid på ein Facebook-aksjon, det kom lesarinnlegg og ivrige forkjemparar kontakta informasjonskontoret og etterlyste ein demonstrasjon.

LES OGSÅ: – Dramatisk for folkehøgskulane


Færre ungdommar vil på folkehøgskule for å drive sosialt arbeid, men på Jæren er linja Sosialt arbeid populær. Her frå ei vitjing i Glorias barnehage i Cape Town. Foto: Jæren fhs

Jungeltelegrafen
Men ein annan reklamekanal har synt seg vel så viktig.

– Undersøkingar syner at ni av ti som har gått på folkehøgskule anbefaler det vidare. At fleire tusen ungdommar reiser ut og fortel om sine opplevingar har ein effekt me ikkje kunne fått gjennom noko reklamekampanje, seier Birch.

I tillegg trur ho at eit samfunn med aukande press på ungdom gjer at fleire ser verdien i eit annleis år med meir praktisk læring.

LES OGSÅ: Fjernar kuttet til folkehøgskulane

Folkehøgskule for unge foreldre
Folkehøgskulane har avgrensa kapasitet, noko som betyr at det kan bli naudsynt med utvida tilbod om veksten skal fortsetje.

Kristiansand folkehøyskole er den første nye skulen på fleire år som har fått løyve og midlar til å starte opp.

Den nye skulen tilbyr linja Barn og oppvekst, som er eit unikt tilbod for unge åleineforeldre. Søkjekriteria til denne linja vert naturleg nok litt utanom det vanlege.

Skulen kan fortelja om gode søkjartal og venteliste til linja Dyr og natur, som kan lokke med eit samarbeid med Kristiansand dyrepark.

Frå 1. juni opnar Informasjonskontoret for folkehøgskolen eit resteplasstorg med ledige folkehøgskuleplassar.