Noreg støttar utdanning for syriske flyktningbarn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gir 45 millionar til syriske barn

Kvart tiande barn i Libanon er no eit syrisk barn. 400.000 av dei får ikkje utdanning, seier utanriksministeren, som torsdag leier eit internt givarmøte i Washington i USA.

– For meg blir det eit utruleg viktig møte. Det er mangel på skular, så då må ein blant anna ta i bruk utradisjonelle lokale. Men mange seier at så lenge det er ein lærer der, speler det ikkje så stor rolle om kvar dei er, seier Brende til NTB.

Pengane som blir samla inn på givarmøtet, skal gå til FNs barnefond UNICEF, Verdsbanken og libanesiske styresmakter, som samarbeider om å få 400.000 syriske flyktningbarn på skule.

Brende leier møtet med Storbritannias tidlegare statsminister Gordon Brown.

Over 1 million syrarar har ifølgje FN flykta frå Syria til Libanon for å sleppe unna borgarkrigen, som snart har pågått i fire år. (©NPK)