Unngå panikkangst i studievalet

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unngå panikkangst i valet

15. april er ein dato som kan få kaldsveitten til å renna nedover nakken. Kva skal du gjera, kva skal du bli? Har du alle dokumenta du treng, gode nok karakterar og ein solid dose ekstrapoeng som hjelper deg?

Det kan vera surrete, slitsamt og skremmande. Her kan du finna ei oversikt over det meste du treng å tenka på, slik at du kan ta vala dine med låge skuldrar.

LES OGSÅ: Foreldre påverkar skulevalet mest

Kva må eg hugsa?
Det viktigaste du må hugsa er å logga deg inn på Samordna Opptak og legga inn din søknad før fristen går ut. Den går ut i dag, 15. april – men for å ta høgde for alle tidssoner er det mogleg å søka heilt fram til kl. 14 i morgon, 16. april.

Det gir deg litt meir tid til å tenka over valet ditt, tvila på det du eigentleg hadde bestemt deg for, ta panikkavgjersler, og landa på valet du hadde gjort først uansett.

Tida du har igjen kan du også bruka til å få tak i dokumentasjonen du treng.

For dei aller fleste er det vitnemålet frå vidaregåande som gjeld. Det blir lagt inn i ei database som er kopla automatisk til Samordna Opptak. Kjem du direkte frå vidaregåande er ikkje dette vitnemålet lagt inn til fristen 15. april, men fristen for ettersending av dokumentasjon er 1. juli – til då skal alt vera på plass.

Det er vanleg å dela opptakskrava inn i to kvoter – primær og ordinær. Primærkvota gjeld frå du kjem rett frå vidaregåande til det året du fyller 21 år. Her er krava mykje lågare, men reknar berre med poenga du fekk på vidaregåande, inkludert realfagspoeng, kjønnspoeng, språkpoeng og poeng du får for opptaksprøvar.

Ordinær kvote har høgare inntakskrav, men her får du også samla inn fleire ekstrapoeng, eller konkurransepoeng. Konkurransepoeng inkluderer to poeng for anten høgare utdanning, folkehøgskule, militærteneste eller sivilteneste – men du kan berre få maksimalt to poeng for desse. I tillegg kjem alderspoeng, som gir deg to nye poeng for kvart år, opp til 8 poeng.

Dei to poenga du får av folkehøgskule, militærteneste eller liknande, må dokumenterast – men det kan sendast inn med eit følgjeskjema innan 1. juli.

Det kan også vera andre tilfelle der du treng dokumentasjon – til dømes om du søker på mastergrad eller Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Då må du dokumentera at du har oppnådd dei studiepoenga som trengs, dersom du har tatt dei på ein anna skule enn den du søkjer på. Held du deg på same skule, er det heile ganske uproblematisk. Også her vil det i nokre tilfelle vera mogleg å ettersenda dokumentasjon.

Hugs også at desse søka ikkje blir gjort i Samordna Opptak, men på Søknadsweb.

LES OGSÅ: Slik skal det nye Utdannings-Noreg sjå ut

Kva skal eg velja?
Det vanskelegaste spørsmålet er kanskje ikkje korleis du søkjer, men kva du skal søkja på. Om det er dine første steg ut frå vidaregåande skule, eller du ønskjer ei ny retning i det du driv med, er valmoglegheitene store – og konsekvensane av å velja feil verkar som dei er endå større.

I ein kronikk i Bergens Tidende i dag gir leiar i Norsk Studentorganisasjon (NSO), Anders Kvernmo Langset, sine råd for kva du bør tenka på når du gjer dine val.

– Ikkje ver så oppteken av kva du vil bli, tenk heller på kva du er interessert i eller kva du likar å gjera, skriv han i kronikken som er signert han sjølv og fagpolitisk ansvarleg i NSO, Sondre Jahr Nygaard.

Det argumentet baserer dei på ein svingande og usikker arbeidsmarknad. Mange vel utdanning utifrå kva yrke det vil vera behov for i tida som kjem – noko det vart laga ei oversikt over nyleg.

Desse tala er likevel ikkje solide nok til å basera utdanningsvalet sitt på, meiner Langset og Nygaard, og peikar på at endringar kan skje fort.

– Sjølv om me innan nokre yrke kan antyda behov i framtida, til dømes at det vil mangla sjukepleiarar, ingeniørar og lærarar, veit me ikkje kva kunnskap desse vil trenga om 20 år, skriv dei, og påpeiker at den viktigaste kompetansen for framtida er å få meir kunnskap, også etter utdanninga.

Studentar bør derfor fokusera på det dei kan og interesserer seg for – det gir gode forutsetningar for å lukkast, og vil få ned fråfallet i studiane.

Gisle Hellsten, leiar for Karrieresenteret ved Universitetet i Oslo, svarte nyleg på spørsmål hos DN Talent frå bekymra ungdom. Han hadde nokre tips til kva du burde tenka på:

– Kva fag likte du best då du gjekk på vidaregåande? Det du var god på då kan gi ein peikepinn.

– Kva likte du absolutt ikkje? Det hjelp deg med å utelukka studieretningar.

– Sjå på samanhengen mellom kva du studerer og kva yrke det kan gi deg ei karriere i.

– Hugs at det er mogleg å endra retning undervegs

Les alle spørsmåla og svara frå nettmøtet hos DN Talent!

LES OGSÅ: – Har du tenkt deg til utlandet, bør du revurdera det

Kvar er det tøffast å komma inn?
Ifølgje ei oversikt, også hos DN Talent, var det sivilingeniørstudiet i nanoteknologi på NTNU som er det studiet i Noreg som er vanskelegast å komma inn på i fjor. Desse tala er også ganske skildrande for krava i år.

Der må du ha 61,8 poeng for å komma inn, noko som er betydeleg lågare enn medisinstudiet på Universitetet i Oslo – som har ei poenggrense på imponerande 67,9 – men med berre 30 plassar mot 120 blir det vanskelegast å komma inn på NTNU.

Andre fag som er vanskelege å komma inn på er til dømes industriøkonomi på NTNU og profesjonsstudiet i psykologi på Universitetet i Oslo.

LES OGSÅ: Strøymer til Noreg