Blir Stavanger den nye hovudstaden på Vestlandet?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slår Stavanger ut Bergen?

Artikkelen var først hos Bladet Sunnhordland

– Folk flest i Sunnhordland føler seg tettast knytt mot Bergen, men diverre er det så mange døme dei siste åra på at bergensarane ikkje bryr seg like mykje om oss – difor kan det kanskje vera like tenleg å knyta seg tettare mot Haugesund og Stavanger, særleg når Rogfast kjem, seier ansvarleg redaktør Magne Kydland i Mediehuset Sunnhordland.

Sponheim til hordalendingane: – Slutt med å laga barn og engasjer dykk!

I ein kronikk i Bergens Tidende i dag ramsar Kydland opp ei rad med døme på at sunnhordlendingar no er meir knytt sør på kartet. Han tek fram intensjonsavtalen om fusjon mellom Høgskolen Stord/Haugesund (HSH) og Universitetet i Bergen, at Stord kommune ikkje lenger vil betala kontingent til Business Region Bergen og at pressa i Bergen ikkje lengerprioriterer å dekka innhald frå kommunane i Sunnhordland. Han trekkjer òg fram fylkespolitikken, som han meiner er konsentrert rundt bergensområdet.

Sunnhordland meiner: Arrogant av politileiinga

«Om nokre år vil det altså vera enklare og meir naturleg for sunnhordlendingen å reisa til Sola i staden for Flesland når ein skal ut og fly, eller til Ikea på Forus i staden for Åsane. Eller til Haugesund eller Viking stadion for å sjå toppfotball – noko det er lite av for tida i Bergen. Bergen og Hordaland er med andre ord i ferd med å mista Sunnhordland», skriv Kydland i kronikken.

– Dette er jo særs aktuelt i desse dagar, særleg med tanke på politireform og ny høgskule/universitetsstruktur, der Stord og ytre delar av Sunnhordland ser ut til å enda sørover. Dette er også naturleg ut frå dagens og neste års samferdslemønster, anten ein likar det eller ikkje, seier Kydland.

Ordførar Liv Kari Eskeland på Stord trur fleire instansar vil følgja etter om politiet i Sunnhordland flyttar sørover. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

Redaktøren kjem også med eit spark retta mot dei folkevalde.

– Som vanleg er sunnhordlandspolitikarane lite på ballen, før det er for seint. Etter fleire månader kom Stord-ordføraren, fylkesordføraren og bergensordføraren på banen når det gjaldt HSH sin fusjon mot Universitetet i Stavanger. Då var det for seint, seier han.

No mobiliserer lokale politikarar og politiet lokalt mot at politimeisteren skal ha sitt kontor i Stavanger.

– Dei vil helst ha sin øvste sjef i Bergen. Eg slit med å skjønna både argumentasjonen deira, og som vanleg kjem dei lovleg seint på banen. Dette løpet er nok køyrt, seier Kydland. 

– Løpet vart faktisk lagt alt på byrjinga av 2000-talet, då Stord, Fitjar og Bømlo vart skilt ut frå Hordaland politidistrikt, og innlemma i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt. Viss det var så viktig å vera saman med resten av Hordaland, burde dei skrike høgare den gongen. No er det for seint, trur han.

LES OGSÅ: Difor vil han ha Stord og Bømlo i Rogaland politidistrikt

Ordførar Liv Kari Eskeland (H) på Stord seier til bt.no at ho skulle sett at fleire bergensarar løfta blikket over bygrensene.

– Ein har kanskje ikkje vore merksame nok. Stavanger har vore tydelegare på at næringslivet strekkjer seg langs heile vestlandskysten. Bergen har hatt nok med seg sjølv. Rett nok har dette komme seg etter at Bergen blei med på laget om ferjefri E39, seier Eskeland til bt.no.

Har Sunnhordland-redaktøren grunn til å vera bekymra? 

LES OGSÅ: Blackpackers valfartar til Bergen