Seks veker i Paradis

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen var først hos Hallingdølen.

Åtte gutar og åtte jenter samlast på eit luksushotell i Mexico. Ein etter ein ryk dei ut. Til slutt står det berre ein gut og ei jente att. Og sjansen til å vinne 300.000 kroner. Men det er framleis nokre veker igjen til finalen. Mathias Pettersen frå Hemsedal er med i sjuande sesong av reality-serien Paradise Hotell på TV3.

LES OGSÅ: Paradise Hotel meir populært enn lærarstudiar

Fantastisk ferie
Kvar einaste måndag til torsdag dei siste seks vekene har den blide 23-årige Mathias vore på tv. 20 minutt med såkalla reality-såpe. TV-serien som reklamerer med sol, sjø, sex og moro. Og serverer litt alkohol attåt. 

– Eg tok det som ein ferie. Ein lang og fantastisk ferie, seier ein blid Mathias heime i Norge. Han kan ikkje røpe noko om kor lenge han blir å sjå på skjermen, men han har så langt halde ut i seks veker.

Var seg sjølv
– Eg og ein kompis sat og kjeda oss i haust, så kom me på å sende inn søknadsskjema til Paradise Hotell. Det var eg som fekk telefon, fortel Mathias. Etter telefonintervjuet, var det to rundar med personleg intervju. Og Mathias sjarmerte seg rett inn på tv-skjermen. I januar og februar var det tv-innspeling i Mexico. 

– Kvifor vart du plukka ut?

– Eg veit ikkje. Men eg var meg sjølv heile tida, fortel Mathias. 

Og det er kanskje nett det, for Mathias er ein blid og omgjengeleg kar som også kom raskt overeins med dei andre deltakarane. Sesongpremieren var måndag 9. mars.

– Det handlar om å bli godt likt av gruppa, fortel Mathias.

LES OGSÅ: Målungdom rosar Paradise Hotel

Slutta i jobben
Mathias jobba som assistent på ein barneskule. Men han hadde tenkt ei stund på å finne seg ein ny jobb, så han slutta som assistent før han reiste til Mexico. 

– Det passer seg ikkje å jobbe på ein barneskule når ein har vore med på Paradise Hotell, seier han. No skal han halde fram med studiar og leite etter ein ny jobb. 

– Mamma sa at det var mitt eige val. Eg er jo 23 år gamal, seier Mathias på spørsmål om familien tykte det var greitt.

– Dei følgjer med og har ikkje sagt noko enno, ler han. Mathias legg til at det er fort gjort å gløyme at ein er på tv.

– Det tok meg to timar, så var det gløymd. Frå då var eg berre på ferie, fortel han. 

Opplegget er tilsynelatande enkelt. Ein må finne seg ein partnar. Og i Paradise Hotell har det vore tradisjon at ikkje alle parforhold berre er platoniske. Nokre har til og med sex på tv. 

– Vart det noko love-story på deg då?

– Nei, det vart det ikkje. Kanskje ikkje rette staden å finne seg kjærast. Men hadde det skjedd, så hadde det skjedd, fortel han og legg til at to av dei andre deltakarane er kjærastar i dag.

Heilt fantastisk
– Korleis er det å sjå seg sjølv på tv?

– Rart. Eg veit ikkje korleis eg skal beskrive det. Men eg tenkte: Å er det slik eg er, ler han. Å vere med i Paradise Hotell er som å vere inne i ei boble, forklarar han. 

Deltakarane har ikkje med seg telefon. Dei får ingen nyheiter heimanfrå. Det er lange dagar med leiking, bading, soling og prating. Og så skjer det ting heile tida, som at nye kjem inn. Andre ryk ut. Par splitter opp, og her er seremoniar og andre oppdrag. Dei får oppgåver å løyse – «og sånn går no dagan». 

– Det blir mange spennande veker på Paradise Hotell framover no. Men om eg er der, eller ikkje, får de berre sjå på skjermen, fortel han. 

– Kva inntrykk sit du att med etter å ha vore med på noko slikt? 

– Det var heilt fantastisk. Gøy. Og ei ny erfaring. Eg angrar ikkje eitt sekund. Eg har møtt mange kule menneske og har hatt det skikkeleg feitt.

Farmen neste?
– Hadde du gjort det ein gong til?

– Nei, eg er 23 år, så eg tenkte at det er no eller aldri, fortel Mathias som no blir kjent att på gata. Og spesielt om han er ute på byen. Han vart også kjent att i påskeferien heime i Hemsedal. 

– Men det er berre positivt. Det set eg pris på. Eg fekk jo litt dametekke og, etter å ha vore med på Paradise Hotell. Det er jo hyggjeleg. No blir det Farmen neste, fleiper 23-åringen. 

Det var heilt fantastisk. Gøy. Og ein ny erfaring. Eg angrar ikkje eitt sekund.

LES OGSÅ: – Nei, EU-valet er ikkje som Paradise Hotel