Piggfrie vinterdekk farlege om sommaren

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Desse dekka er farlege

Ein fersk rapport frå svenske Statens väg- och transportforskningsinstitut (VTI), viser at piggfrie vinterdekk har 20 prosent lengre bremsestrekning på våt asfalt og i varmegrader enn sommardekk.

– Enkelt sagt skal vinterdekk brukast på vinteren og sommardekk om sommaren, seier Jan Ivar Engebretsen, kommunikasjonsrådgjevar i NAF i ei pressemelding.

Er asfalten tørr har piggfrie vinterdekk 15 prosent lengre bremsestrekning enn sommardekk. I tillegg til auka bremsestrekning, har også piggfrie vinterdekk dårlegare drenering av vatn og dårlegare sidegrep enn sommardekk.

LES OGSÅ: Kan minske klimaeffekten på transport

NAF og magasinet Motor har gjennomført fleire testar av piggfrie vinterdekk på sommarføre. Forskjellane mellom sommardekk og piggfrie vinterdekk er størst på våt asfalt i varmegrader. Til høgare temperatur, dess verre blir det.

– Konklusjonen frå desse har vore tydelege, seier Engebretsen. – Nordiske vinterdekk har elendig våtgrep om sommaren, gjev raskt skrens og styrer dårlig. Dei er rett og slett farlege å køyre med, seier han.

Motor sin test i 2014 ser ein tydeleg dette.

Det beste sommardekket i Motors test av vassplaning, fekk vassplaning ved 84,1 km/t, medan det nordiske piggfrie vinterdekket fekk vassplaning allereie ved 69,5 km/t.

Det beste sommardekket hadde ei bremsestrekning frå 80 km/t på vått underlag på 28,9 meter, medan det piggfrie vinterdekket fyrst stoppa etter 43,7 meter.

14,8 meter lengre bremsestrekning. Det utgjer nesten tre billengder! 

LES OGSÅ: Syklistar er hovudfienden til bilistar