Arbeidsløysa større enn statistikken

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fryktar større arbeidsløyse

NRK skriv om frykta for at arbeidsløysa er større enn det statistikken seier. Grunnen er at mange som mistar jobben i oljebransjen får sluttpakkar, og derfor ikkje går direkte til Nav. No går sluttpakkane snart tomme.

– Det er laber stemning i arbeidsmarknaden nett no, seier talentspeidar Erik Falk Hansen til NRK.

– Folk mistar jobben, det er kutt i lønningane, og det er permittering, legg han til.

LES OGSÅ: Veit me nok til å forlata oljen?

Fleire tusen ut
Oljekrisa, med eit kraftig fall i prisane, gjer at bransjen for lengst har varsla om fleire tusen stillingar som forsvinner. Det er også frykta at dette berre er starten på nedturen.

Sjølv om mange deler av næringslivet no ser i andre retningar enn olje og gass, er det framleis mykje som er avhengig av dei ikkje-fornybare ressursane. Nyleg vart det klart at berre 13 norske kommunar ikkje har ei tå i oljebransjen.

Når jobbane forsvinner frå oljebransjen, er det no mange som må sjå etter nye moglegheiter.

– Det er flinke folk so mistar jobben, det er rett og slett ikkje arbeid for dei. Eg trur det verste ein kan gjera, er å få panikk, seier talentspeidaren Erik Falk Hansen til NRK.

Desse nye jobbane vil me kunne skapa innan andre næringar, som fiskeri og fornybar energi, trur AUF. Under ein debatt i februar varsla dei at oljealderen høyrer fortida til.

– Oljealderen er noko som høyrer fortida til, det må me bli einige om. To tredeler av olje og gass må bli liggjande under bakken. Eg drøymer om at Noreg i framtida kan leva av fiskeri, turisme og fornybar energi ved å bruka kompetanse frå oljenæringa, sa AUF-leiar Mani Hussaini den gongen.

LES OGSÅ: Opnar for å kasta klimarverstingar ut av oljefondet