Kvinnherad er Årets kulturskulekommune
Kulturskulesatsinga i Kvinnherad kommune er eit føredøme for andre kommunar, meiner Norsk kulturskoleråd, som har kåra Kvinnherad til Årets kulturskulekommune 2015.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Her er Årets kulturskulekommune
I grunngjevinga blir det vist til at kommunen trass store utfordringar med spreidd busetnad og reiseavstandar har makta å skapa eit kulturskuletilbod med god oppslutnad.
LES OGSÅ: – Årets nynorskbrukar er Kaizers på kunstfeltet
Juryen meiner forklaringa er ei bevisst satsing på breidde i kulturskuletilbodet, ikkje berre musikk.
– Kombinasjonen av å gje kulturskulen gode lokale, samarbeid med det lokale næringslivet og desentralisert undervisning tilpassa behovet til elevane, har gjeve gode resultat, heiter det i grunngjevinga.
Prisen blir i år delt ut for femtande gong. Han går til kommunar som viser at dei prioriterer kulturskulen høgt og som vil vera føredøme for andre. (©NPK)
LES OGSÅ: Han er årets ordførar