Som 18-åring booka han Nico & Vinz til Bømlo før dei blei verdskjente – no stiller Anri Håvard Hebib (20) til val som ordførarkandidat for Høgre i Bømlo.

mm
Faktaboks

Anri Håvard Hebib

• Fødd 22. mai 1994 på Stord.
• Oppvaksen på Svortland
• Bur i Bergen saman med kjærasten Elisabeth Urang
• Studerer Administrasjon og leiing på linja Økonomi og administrasjon ved Høgskolen i Bergen
• Foreldra er frå Kroatia og Bosnia

LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg har alltid sett etter større utfordringar og likar å pressa meg sjølv, seier Anri Håvard. Men då han fekk telefonen frå nominasjonskomiteen, måtte han ta ein runde med seg sjølv.

– Eg stilte meg spørsmål om eg klarer dette, og om eg er for ung. Men til sjuande og sist så fann eg ut at dette er ei utfordring som passar meg perfekt, både med omsyn til studieretning og det eg alltid har jobba med blant ungdom og organisasjonar og verv eg har hatt tidlegare. Eg er så full av energi og er så klar til å gjera ein god innsats for, ikkje berre Bømlo Høgre, men for politikken generelt på Bømlo.

Hebib fyller 21 år i mai, og studerer på Høgskolen i Bergen. Men han klarer ikkje å la vera å engasjera seg i kommunen han meiner er verdas beste å bu i.

– Kva vil du endra viss du bli ordførar?

– For meg, og alle politikarane på Bømlo, så er det å styrka politikken på Bømlo frå vogge til grav, seier han og hamrar fingrane i bordet. Eg meiner ein bør styrka kvar einaste bit, slik at ein held på innbyggarane.

Ordførarkandidaten seier han vil jobba for gode barnehagar og skular.

– Eg vil jobba for at skulane blir mobbefrie og at ein har gode lærarar og at ungdommane trivst på Bømlo – og at når dei er ferdige med utdanninga si, så vil dei koma tilbake til Bømlo til gode arbeidsplassar og gode og trygge miljø for barn og unge.

– Alle vil seia at dei er for gode skular utan mobbing og at Bømlo skal vera ein trygg og god plass å bu. Kva trur du skil deg frå til dømes dagens ordførar Odd Harald Hovland frå Arbeidarpartiet?

– Altså… eg trur nok personleg at eg vil vera endå meir ute blant folk. Ein heilt vanleg torsdags føremiddag og ettermiddag, så vil eg helst vera ute blant folk og høyra kva dei bryr seg om. Om eg er ordførar eller ikkje, så har eg lyst til å vera ute blant folk. Eg ser på det å ha eit politisk verv som ein demokratisk prosess for innbyggarane.

– Odd Harald har vore flink på mange område han òg, men eg trur kanskje Bømlo har behov for ein ordførar som er endå meir ute blant folk, og som får endå meir initiativ frå innbyggarane inn i politikken. Det er kanskje den største forskjellen – i tillegg til aldersforskjellen, sjølvsagt.

LES OGSÅ: Rasande på lokalavisa – trekkjer ordførarkandidaturet

– Nær ein revolusjon

– Kva seier du til dei som synest du er for ung til å bli ordførar?

– Eg skjønar at folk kan vera skeptiske i starten, men for det første; så ser ein i heile landet at det har vore nær ein revolusjon; at unge har tatt over fleire av ordførarkandidatura, seier 20-åringen og viser til blant anna Tromsø, der Høgre stiller til val med 23 år gamle Kristian S. Wilhelmsen på topp og Dyrøy Høyre som stiller med 19 år gamle Kristoffer Molund på topp.

– Det som skjedde i Austevoll når Helge André Njåstad kom inn som ordførarkandidat i 23-årsalderen, så gjekk Frp i Austevoll opp med over 20 prosentpoeng. Og eg trur kanskje ungdommar har litt nye og andre tankar om det som skjer med globalisering og så vidare at me kanskje er meir gira for å få ting til å bli betre. Og eg trur det er ganske lett å sitja som politikar og seia at me ikkje har det så gale på Bømlo – men me veit ikkje alltid kva som skjer. Det er ein fordel som ungdommar har, at me er ute blant folk og har lyst til å gjera forskjellar og me gir oss ikkje før me har fått det til. Eg trur kanskje det kan vera ein forskjell på ein vaksen politikar som kanskje har born og mange forpliktingar. Eg trur dei fleste kan hugsa kor gira dei var i den første jobben deira, og kor mykje ein ville gjera ein forskjell. Eg trur kanskje at når ein kjem litt opp i alder, så mistar ein litt av gnisten som ungdommen har. Eg trur kanskje dei fleste vil kjenna det igjen, frå når dei sjølv var unge.

Han seier at når han snakkar med folk, så blir dei ofte positivt overraska.

LES OGSÅ: Her skal 16-åringane få stemma i 2015

Byrja i ungdomsrådet

Anri Håvard Hebib har lenge vore engasjert i ungdom og ungdomspolitikk. Han byrja i niande klasse i Bømlo ungdomsråd. I to år var han vanleg medlem der, før han blei leiar i to år.

– Eg ville setja ungdomsrådet meir på kartet og jobba mykje for å rekruttera folk og få folk til å forstå kva rolle ungdomsrådet har og kva me kunne få til, og jobba for at politikarane skulle ta meir omsyn til ungdomsrådet.

Han har vore engasjert i verdsdagen for psykisk helse og var med på å arrangera 16. mai-treffet og Bømlofest. I 2013 fekk han Nico & Vinz – Envy som dei kalla seg den gongen til Bømlo.

– Eg er interessert i festivalarbeid. Du må vera litt taktisk – viss du ikkje lar deg manipulera, så er det mogleg å finna gode artistar til ok prisar. Det har gjeve meg mykje erfaring, både innanfor økonomi, administrasjon og det å arrangera ting.

– Eg har alltid tenkt at eg vil vera med på å gjera Bømlo til verdas beste plass å bu. Difor har eg òg tatt på meg mange verv og jobba med det. Eg har aldri likt å ikkje ha noko å jobba med.

I tredje klasse på vidaregåande blei han vald som elevrådsleiar. Då var det lenge snakk om nedlegging av skulen, men skulen fekk halda fram.

– Eg brukte mykje tid på å snakka med politikarar og jobba for å halda på det vidaregåande tilbodet på Bømlo.

I andre klasse på vidaregåande byrja han i Bømlo Unge Høgre og fekk styreplass i Bømlo Høgre.

– Då blei eg òg involvert i vaksenpolitikken og fekk smakebitar på kva som kunne venta meg.

Då han byrja å studera bestemte han seg å trappa ned, men han merka fort at han sakna å ha noko å henga fingrane i.

– Eg veit Bømlo har mykje bra og kan bli endå betre – spesielt på ungdomssida har me veldig mykje å gjera, seier Anri Håvard Hebib.

LES OGSÅ: Kan 17-åringar styra ein kommune?

Anri Håvard Hebib ønskjer å vera meir ute blant folk enn på kontor, anten han blir ordførar eller ikkje.

– Ganske vanvitig

– Korleis er det å stå to plassar framfor gamleordførar Inge Reidar Kallevåg?

No ler han.

– Eg synest det er ganske vanvitig. Eg tenkte på det før nominasjonsmøtet.  Då eg byrja i politikken og ville velja kva parti eg ville bli med i, så var det Inge Reidar Kallevåg som var ordførar. Eg såg alltid opp til han, og syntest han var ein fantastisk ordførar og eit medmenneske for alle innbyggarane i kommunen. For eitt år sidan hadde eg aldri sett for meg at eg skulle ta over etter han.

No er Hebib glad for at Kallevåg er høgt oppe på lista, og kan vera ein viktig ressurs for partiet og politikken på Bømlo.

– Når me driv valkamp og etter valet, så er det aldri eg som person som skal fronta politikken. Me køyrer eit god partisamarbeid med folk på lista vår som er gode på forskjellige saker. Eg er kanskje best på det som har med oppvekst og ungdom og andre er kanskje betre på helse og omsorg.  Så viss nokon er redde for å sleppa til ein ungdom, så treng dei ikkje vera det, for det vil vera folk rundt meg som støttar meg.

– Kva opplæring har du hatt? Har til dømes Høgre gjeve deg nokre kurs?

– Eg kjem til ha fleire intensive kurs både her i kommunen og på fylkeskontoret, både innanfor politikk og debatt.

– Viss du ikkje blir vald til ordførar, kva då? Vil du halda fram med å pendla frå studiar i Bergen til kommunestyremøte på Svortland?

– Uansett korleis det går i valet, så vil eg gå inn 200 prosent inn i politikken og jobba for innbyggarane i Bømlo. Uansett kva posisjon eg får, vil eg jobba for at Bømlo skal bli verdas beste plass å bu på.

LES OGSÅ: Yngstemann mot straumen

Draumesamfunnet

– Kva skal til for å bli verdas beste plass å bu? Kva er draumesamfunnet?

– I mitt hjarte er Bømlo verdas beste plass å bu, men eg veit at fleire har problem, anten dei er unge eller gamle. Anten det er med sjukeheimar, ungdomsmiljø eller kva det er, så er det folk som opplever at Bømlo ikkje er verda beste plass å bu, som til dømes når det gjeld mobbetala i grunnskulen. Sånne ting set ein kniv i hjarta mitt. Ingen skal oppleva å bli mobba. Viss ikkje me som er politikarar er involvert i dette, så skjer ingenting. Eg vil at alle som bur på Bømlo skal bli høyrt av politikarane.

– Kva meiner du om eigedomsskatt?

– Det viktigaste for meg er at eigedomsskatten blir brukt til noko fornuftig, slik som bygging av ny ungdomsskule, eller nedbetaling av kommunal gjeld med meir. Det er eit stort spørsmål, og viktig for meg at han ikkje blir auka. Elles er dette noko partiet skal ta stilling til, seier han. Programarbeidet i Bømlo Høgre er i full gang, og Hebib vil difor ikkje seia så mykje meir om dette før det er klart i slutten av april.

 – Kommunesamanslåing – kva meiner du om det?

– Det er viktig at me er involvert i samtalar med dei andre kommunane rundt oss. Me må høyra på kva som kan vera fordelar og ikkje. Seinare meiner eg at ei rådgjevande folkerøysting er det einaste rette og eg vil høyra på kva folk seier, men personleg så ser eg ikkje nokon fordelar slik det er no. Sjølv om grensa for folketal har blitt sett til 15.000, så meiner eg at Bømlo ligg så pass på grensa og Bømlo er så pass sterke at me klarar oss best sjølv.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE