– Slepp berre ut nøgde passasjerar

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne veka sender Boreal Transport landets to første heil-elektriske bussar ut i ordinær rutetrafikk mellom Stavanger og Sandnes.

– Elbil har blitt ein suksess i Noreg, og det er ingen grunn til at me ikkje skal få til det same med bussparken. Desse to bussane har verken CO 2- eller NOX-utslepp. Det einaste dei vil sleppaut, er nøgde passasjerar, sa konsernsjef Kjetil Førsvoll i Boreal Transport under markeringa ved bussdepotet på Revheim i Stavanger.

LES OGSÅ: Frp: Fjernar ikkje momsfritak på elbil før 2017

Nødvendig steg
Førsvoll meiner det er krevjande å trakka opp nye spor, og at det er heilt nødvendig at det offentlege bidreg med støtte til pilotprosjekt som er med på å elektrifisera transportsektoren. Enova har støtta prosjektet med 2,2 millionar kroner. Det gjer i dette tilfellet at ny teknologi som elles ikkje ville vorte testa ut, rullar ut på norske vegar.

– Ein energieffektiv og miljøvennleg transportsektor er ein føresetnad for å no lågutsleppssamfunnet, men for store køyretøy er el-teknologien meir upløygd mark enn for privatbilar. Å demonstrera at elektriske bussar fungerer, og å skaffa driftserfaring, er veldig viktige steg på vegen mot å gjera kollektivtransporten meir klimavennleg, seier Enova sin marknadssjef for transport, Petter Hersleth, som deltok på markeringa.

Vil køyre 350 kilometer kvar dag
Bussane skal gå i rute mellom Stavanger og Sandnes, ein rundtur på omtrent 35 kilometer. Elbussane vil gå i vanlege skift frå klokka 6 om morgonen til omkring midnatt. Hurtiglading i Sandnes vil gjera det mogleg å ha elbussane i drift gjennom heile driftsdøgnet. Kvar av bussene vil dagleg tilbakeleggja opp mot 350 kilometer.

Målet til Boreal er at elbussane skal køyre 70.000 kilometer i året. Dette vil redusera CO 2-utsleppa med cirka 75 tonn per år per buss. På lengre sikt er det mogleg å erstatta dei fleste av Boreal sine bussar i Rogaland med elbussar, med ein potensiell utsleppsreduksjon på over 10.000 tonn CO2 per år.

LES OGSÅ: Ingen kjøper like mykje elbil som nordmenn