Sender «The Interview» til Nord-Korea med ballong

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«The Interview» til Nord-Korea

CNN fortel historia om den nord-koreanske avhopparen Lee Min-bok, som rømte frå verdas mest lukka land til det langt friare Sør-Korea. No brukar han nettene til å senda amerikanske dollar, politiske hefter og kopiar av komedien «The Interview» tilbake over grensa.

– Om du fortel sanninga i Nord-Korea, døyr du. Men om eg brukar desse ballongane, kan eg fortelja sanninga trygt, seier Lee til CNN.

LES OGSÅ: – Staten blir driven av slavar

– Framstiller Kim Jong Un som ein mann, ikkje som ein gud.
«The Interview» fekk utruleg mykje merksemd i fjor haust – ikkje fordi den var spesielt god eller dårleg, men fordi karakterane til Seth Rogen og James Franco møter og dreper den nord-koreanske statsleiaren Kim Jong Un i filmen.

Dessutan blir Kim Jong Un framstilt som ei «Katy Perry-elskande, følsam sjel med fars-kompleks», slik CNN skildrar han. Filmen fekk Nord-Korea til å rasa, og reaksjonen gjorde at filmen lenge ikkje vart vist på amerikanske kinoar.

– Regimet hatar filmen fordi  det framstiller Kim Jong Un som ein mann, ikkje som ein gud. Han gret og er redd som oss, så blir han drepen, seier Lee.

Lee skal ha sendt meir enn 80.000 kopiar av filmen over grensa medan CNN var med han – og det var fjerde gong han sendte over slike pakkar.

«Gåvene» frå Lee blir ikkje spesielt godt motteke. Nokre av ballongane har blitt skutt ned av det nord-koreanske forsvaret, som har ført til mykje sinne frå nord-koreanarane som bur på grensa mellom Nord-Korea og Sør-Korea.

Sør-Korea vil heller ikkje hindra Lee Min-bok i å senda pakkane over til Nord-Korea, sjølv om det irriterer nabolandet kraftig. Det ville vore ei avgrensing av ytringsfridomen.

Du kan sjå CNN vera med Lee Min-bok når han sender ballongane til Nord-Korea her.

LES OGSÅ: Ytringsfridom i praksis


Relaterte saker