Ny hivsmitte-rekord

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Til samanlikning kalla Folkehelseinstituttet det for eit urovekkjande utbrot då det blei registrert 57 hivsmitta menn i denne gruppa i 2003, skriv Forskning.no. Samtidig aukar talet av påviste tilfelle av andre seksuelt overførbare sjukdommar som syfilis og gonoré.

LES OGSÅ: På den sikre sida

Eit stort fleirtal av mennene som er smitta med dei seksuelt overførbare sjukdommane, fortel at dei er blitt smitta av ein tilfeldig partnar. Over halvparten av mennene er blitt smitta i Oslo.

Totalt blei det meldt om 249 hiv-tilfelle i Noreg i fjor. 184 var menn og 65 var kvinner. Folkehelseinstituttet reknar i tillegg med at rundt 500 til 700 personar i Noreg er hivsmitta utan å vite om det. (©NPK)

LES OGSÅ: Samlar seg bak SUSS-telefonen