For om lag eit år sidan byrja tre kompisar å gruble på eit nytt konsept innan sosiale media. Natt til laurdag 28. mars lanserte årdølen Morten Strid og resten av teamet applikasjonen DeeMe.

Ingrid Nordbye-Antonsen, Porten.no
Ingrid Nordbye-Antonsen, Porten.no

Artikkelen var først hos Porten.no

Med private midlar og ei støtte frå Innovasjon Norge har utviklarteamet på seks personar nytta all si fritid til å jobbe med nyvinninga DeeMe, som er ein ny biletdelingsteneste for mobil. 

– Då Snapchat kom, vart det ein døropnar for oss. Denne chatte-tenesta hadde eit forbetringspotensiale, fortel Strid. 

Teamet påpeikar at dei ynskjer ein sam-eksistens med dei andre biletdelingstenestene, heller enn å konkurrere ut nokon. 

LES OGSÅ: Facebook rasar i popularitet blant unge

Satsar på USA
DeeMe kombinerer bilete og chat i ei teneste, og ynskjer å gje brukaren ein estetisk måte å chatte på. Då Strid og resten av teamet hadde konseptet klart føre seg, måtte dei undersøke om det fantes noko liknande på marknaden allereie. 

– Me tykte det var rart at denne type chatte-teneste ikkje fantes i frå før. For oss er dette ein openbar vidareutvikling, smiler han.

Mobil-appen DeeMe.

Slik ser DeeMe ut – no skal skaparane av appen satsa i USA. Foto: DeeMe.

Den nye mobilappen rettar seg mot eit meir vaksent publikum enn mange av dei andre appane innan sosiale media, og teamet bak DeeMe er fast bestemt på å aldri verte ein annonseringskanal. Produktet er tilgjengeleg på verdsbasis, men Strid fortel at dei kjem til å satse mykje i USA i tida framover. 

– Me har ambisjonar om å gjere det bra, legg han til.

Stor respons frå årdøler
Etter at lanseringa var eit faktum natt til laurdag, delte Morten Strid og ein kompis lenka til DeeMe på Facebook. Dette vart byrjinga på ein massiv respons, spesielt i frå årdøler; lenka på Facebook vart delt av alle som fekk nyss i dette, og mange registrerte seg på den nye biletedelingstenesta. 

I laupet av tre dagar har 2000 personar registrert seg på DeeMe, noko Strid er særs fornøgd med. 

– Eg og resten av teamet set stor pris på alle som har hjelpt oss med å spreie bodskapen, og me takkar for alle hyggelege tilbakemeldingar me har motteke på kort tid, seier han. 

LES OGSÅ: Forskar på sosiale nettverk hos kyr

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE