Regjeringa vil skjerpe kravet til butid for utlendingar

Regjeringa vil gjere det vanskelegare for utlendingar å få fast opphald i Noreg og ønsjker å auke den såkalla butida frå tre til fem år.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vanskelegare å få opphald

Justis- og beredskapsdepartementet har sendt det nye forslaget ut på høyring. Utvidinga av kravet om butid er ein følgje av samarbeidsavtalen mellom regjeringspartia Høgre og Frp og støttepartia Venstre og KrF, skriv VG.

LES OGSÅ: Halvparten meiner innvandring gjer Noreg betre

– I dag vert det som regel gitt permanent opphaldsløyve etter tre år. Permanent opphaldsløyve medfører eit utvida vern mot utvising ved for eksempel kriminelle handlingar og brot på utlendingslova. Med dette forslaget må utlendingen ha opphald i minst fem år før dei kan få permanent opphald, seier Justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (Frp) til avisa.

Ved å skjerpe kravet til butid får styresmaktene auka moglegheit til å kontrollere at opphald i Noreg ikkje blir gitt på fiktivt grunnlag, for eksempel eit såkalla proformaekteskap. (©NPK)

LES OGSÅ: Are Kalvø: Ja, nei, veit ikkje