– Misforstått maskulinitet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Uansett kvar eg gjekk var det fem-seks menn som følgde etter meg og når figuren sette seg ned på graset, kom det alltid ein mann med skrittet tettast mogleg oppi fjeset hennar, fortel Jon Cato Lorentzen til dei frammøtte på Feministisk Forum sitt arrangement om seksuell trakassering av kvinner i dataspel.

Den tidlegare redaktøren i GameReactor fortel om eit eksperiment han gjorde for nokre år sidan då PlayStation lanserte det nye spelet Home, der ein kunne velje avatarar og interagere med framande i eit miljø.

Brorparten av dei som gjekk rundt i den virtuelle verda var menn og med sin kvinnelege figur opplevde Lorentzen korleis det kan vere å vere kvinne i dataspel. På ein halvtime mottok han fleire seksuelle meldingar frå framande.

– Den opplevinga gjorde meg litt flau, medgjev Lorentzen, som likevel ikkje tykkjer at all spelkultur er like mørk og dyster som dagens tema kan gje inntrykk av.

LES OGSÅ: «Herregud, ho er jo jente»
Meir karaktermangfald
Lorentzen trur mykje av problemet ligg i ein misforstått maskulinitet, at spel har vore ein fristad der gutar har konkurrert og samarbeidd. Det har utvikla seg til eit ganske tøft miljø, der ingen har vore inne og korrigert åtferda til spelarane – før no.

Dei siste åra har spel opna seg opp for dei store massane og folk har byrja å reagere på den tøffe tonen og dei einsretta mannsideala. Slikt har det vorte konfliktar av.

Dei moderne dataspelheltane har vore kvite, tøffe, ubarberte menn i 30-åra, som ikkje syner kjensler. Kvinnene har i hovudsak vore staffasje for desse mannlege heltane og Lorentzen peikar på at kommersielle interesser speler inn når industrien ikkje vågar å satse meir på mangfald.

Skaparane av spelet Sleeping dogs hadde til dømes tenkt å ha ei tøff politikvinne i hovudrolla, men utgjevarane valde å gjere heltinna om til ein mann fordi det mest truleg ville selje betre.

Men sjølv om dei største spela kanskje ikkje har det mangfaldet nokre spelarar ynskjer seg, har det dei siste åra dukka opp stadig fleire indiespel, som kan utvida horisonten til spelarane.

Bloggar i Spillpikene og kommunikasjonsansvarleg i JoinGame, Kristina Halvorsen, trur at fleire kvinnelege speldesignarar kan hjelpe på dette mangfaldet.

– Undersøkingar har vist at kvinner synest det er lettare å kome inn i eit miljø der det allereie er kvinner, fordi mannsmiljø ofte kan verke veldig lukka. Det handlar om å få fram dei beste hovuda, og mest mogleg variasjon, peikar Halvorsen på.

LES OGSÅ: Femi-nazi eller eyecandy

Livaktige Lara
Men det finststerke kvinnersom gjer kommersiell suksess.

Lorentzen peikar på at Tomb Raider-helten Lara Croft i motsetnad til mannlege karakterar får lov å vere redd og usikker. Ho snakkar med seg sjølv, er nervøs, tør å bry seg og vis kjensler.

– Om ein mannleg helt hadde hatt dei same eigenskapane som Lara Croft hadde han vorte oppfatta som ein feiging. Lara Croft er ein velskriven karakter som kler av alle dei mannlege actionheltane, skryt Lorentzen, som ynskjer seg karakterar med eit større kjensleregister – figurar han kan lære noko av, framfor å bli presentert for dei same maskuline verdiane som alltid.

– For meg handlar det ikkje om kjønnskamp, men om å leggja til rette for breie spelaropplevingar for flest mogleg. Eit miljø som inkluderer folk og der ein vert møtt med gjensidig respekt.

LES OGSÅ: Lagar Minecraft-museum i skuletida

– Vil ikkje ha det i gamingsamfunnet
Halvorsen meiner det er viktig å ta på alvor den trakasseringa fleire kvinner fortel om at dei vert utsett for. Eit problem som ofte vert avfeid som ikkje-saker.

– Alle kvinner har blitt trakassert av menn på eitt eller anna tidspunkt. Det er ikkje ok i eit likestilt samfunn og me vil ikkje ha det i gamingsamfunnet. Personar har måtte flytte frå heimen sin på grunn av slik onlinetrakassering, som mange meiner ikkje kan skapa problem i den verkelege verda, peikar Halvorsen på.

Frå ein mannleg spelar i salen kjem det store spørsmålet: Kvifor er me så sinte på kvarandre?  Har de noko forklaring på all denne aggresjonen?

Lorentzen meiner det kan ha samanheng med testosteronnivået og konkurransesituasjonen i spelinga.

– Det handlar om å kome inn  eit godt miljø. Det finst til dømes ein del guilds eller laug for spelarar på 30 + der ein slepp unna denne pubertale sjekkinga, seier spelkritikaren i Aftenposten, som då tenkjer på dei seksuelle tilnærmingane.

LES OGSÅ: Tillèt berre ein éin homofil på laget

FeministiskForum

Kjønnsdiskriminering i dataspel vart diskutert på Feministisk Forum av Kristina Halvorsen og Jon Cato Lorentzen. Foto: Andrea Nøttveit

LoL-tiltak
Ulike typar trakassering gjennom ord og bilete er meir utbreidd jo større moglegheit spelarane har til å kommunisere med kvarandre anonymt. Lorentzen spekulerer i om den seksuelle trakasseringa kan vere uttrykk for ein slags parringsdans frå avsendaren si side.

League of Legends (LoL) har løyst noko av problemet med mellom anna å krevje at spelarane loggar seg inn for å chatte.

– Då gjekk misnøyen ned med kring 30 prosent, så det hjelper å prøve ut nye ting og setje litt grenser, fortel Halvorsen, som får støtte av Lorentzen.

Han peikar på si side på at trakasserande og ufine handlingar får lite konsekvensar for avsendaren fordi økonomiske omsyn står i vegen for å stenge ute spelarar over lengre tid.

Menn er menneskjer
Halvorsen trur at kvinner og menn har like stor risiko for å få ei negativ speloppleving, men at det ofte vert oppfatta ulikt. Den kjønnsspesifikke trakasseringa er det likevel spesielt jenter som er utsett for.

– Me ser den same måten å snakke på i film og litteraturen òg, medan menn er menneskjer, er kvinner sitt kjønn. Spelar ein mann dårleg er han ein dust, medan om ei kvinne speler dårleg så er det fordi jenter er dårlege, meiner Halvorsen.

Det er likevel ein tendens i tida at fleire kvinner stikk seg fram i spelmiljøet og både Halvorsen og Lorentzen gler seg til den dagen dette vert sett på som heilt naturleg.

– Kvinner som speler data er ikkje einhjørningar, konkluderer spillpiken.

LES OGSÅ: Lærer raskare med dataspel