Ha ein palmefri påske

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er så lett å føla seg liten i verda og tenkje at eins eigne val ikkje betyr så mye. Men forbrukarpress nyttar, berre ein er mange nok som kjempar for det same, skriv Anja Lyngsmark, kampanjeleiar i Regnskogfondet i ein epost til Framtida.no.

LES OGSÅ: Meiner selskap tek større klimaansvar

Freidige forbrukarar
Den siste tida har palmeolje på ny fått merksemd på grunn av eit innlegg der
bloggaren Sophie Elise oppmodar lesarane sine om å ikkje kjøpe Freia påskeegg, fordi dei inneheld palmeolje.

På same måte vart Freia sin sosiale medier-kampanje #detnære kuppa av forbrukarar som synte meir engasjement for den fjerne regnskogen enn den nære sjokoladen.

 

Lyngsmark jublar over at forbrukarengasjementet dei siste åra har bidrege til å fjerna palmeolje frå tusenvis av norske matvarer, mellom anna turfavoritten Kvikk Lunsj frå Freia og Nidars påskemarsipan.

Det er med andre ord mykje lettare å ha ein palmeoljefri påske i år enn det var tidlegare, understrekar kampanjeleiaren.

Godt samvit og helse
Kvifor bør ein ha ei palmeoljefri påske?

Fordi det er deilig å kunne slappa av i ferien, og kosa seg med godt samvit. Eg tykkjer i alle fall sjølv at maten smakar mykje betre om eg slepp å vera redd for at den er laga på ein måte som skadar miljøet. Det er nemleg stor risiko for at palmeolja som vert brukt i maten me et er laga på kostnad av regnskogen og dei som bur i han, svarar Lyngsmark.

Helsa er eit anna argument for å kutte ned på den utskjelte olja, ifølgje NTNU-professor Vibeke Videm.

Palmeolje inneheld omlag 50 prosent metta feitt. Det vil seie like mykje som i smør. Når me et metta feitt, til dømes frå palmeolje, aukar innhaldet av den ugunstige typen kolesterol i blodet vårt. Det fører til aukt risiko for hjarte- og karsjukdommar, som hjarteinfarkt og hjerneslag, forklarar professoren til Gemini.

Ho rår difor norske forbrukarar til å bruka rapsolje, soyaolje eller olivenolje, framfor smør og palmeolje.

LES OGSÅ: Erna rosar regnskogtiltak

Kosmetikk-fella
Det er ikkje så vanskeleg å styra unna palmeolja i sjokolade, kjeks og andre matvarer.

Til det har Regnskogfondet laga ein palmeoljeguide, slik at ein kan styra unna verstingprodukta.

Du treng ikkje å boikotte palmeolje fullstendig, men du bør prøva å få i deg mindre, er oppmodinga frå Lyngmark.

Når det kjem til andre produkt enn mat er det mykje vanskelegare å unngå palmeolje. Palmeolja er verdas billegaste vegetabilske olje og vert brukt i vaskemidlar, kosmetikk, biodrivstoff og mykje meir. Det vert til dømes brukt i nesten alt av produkt innafor hud- og hårpleie. I tillegg vert palmeolja skjult bak fleire hundre kjemiske nemningar, som gjer det til ei umogleg oppgåve for norske forbrukarar å unngå den regnskogsfiendtlege olja, forklarar Lyngmark.

LES OGSÅ: Ti grunnar til å vere klimaoptimist

Regnskogtakk
Klima og miljøvernminister Tine Sundtoft tek til orde for berekraftig palmeoljeproduksjon framfor boikott.

Så mykje regnskog er diverre allereie er øydelagt at nettopp difor er palmeoljeplantasjar kanskje det mest fornuftige å bruke desse områda til. For anten me likar det eller ei, kan palmeolje vere viktig for å dekkje verdas raskt aukande matbehov, skreiv ministeren i eit innlegg etter å ha vitja regnskogen i Borneo ifjor.

Grunnen til den utbreidde bruken av palmeolje er at metta feitt ikkje harsknar like fort som umetta feitt. Dermed held sjokoladen lenger med palmeolje og smeltar ikkje i romtemperatur. Å finne erstatningar kan vere både vanskeleg og dyrt.

Ifølgje Lyngmark vart det årleg brukt over 15.000 tonn palmeolje i norsk mat då dei starta kampanjen i 2012. Det vil seie at kvar nordmann fekk i seg tre liter palmeolje årleg. Året etter var palmeoljeforbruket redusert til ein tredel. Matvareprodusentane nemner forbrukarpress som ei viktig årsak til at dei byter ut palmeolja.

På vegne av regnskogen vil me sende ein stor takk til norske forbrukarar og desse bedriftene, seier Lyngmark, som gler seg til å ete masse Kvikk Lunsj utan bismak.

Faktaboks

Tips til palmefritt påskegodt:

Kvikk Lunsj

Nidars påskemarsipan

Firkløver

Freia melkesjokolade

Helnøtt

Bixit