Startar ski-hotell

Vetle Halsnes (23) vil ta vare på skia dine i sommar.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Ryfylke.net.

Vinteren nærmar seg slutten og slalåmski, snøbrett og anna vinterutstyr skal snart pakkast bort for denne gong. Når sommarsola varmar som sterkast eller når hauststormane herjar som verst er nok ikkje tilstanden på skiutstyret ditt det du tenker mest på. Først når snøen igjen legg seg på marka og det kriblar i føtene kjem du på at du gjerne skulla ha smurt og gått over dette før du pakka det bort. Innehavaren av Vetlebu skiservice, Vetle Halsnes, har erfart kor frustrerande det kan vera å starta ein ny vintersesong med rustne stålkantar og ski som luggar. Difor startar han nå opp det som må kunnast kallast eit noko spesielt hotell, nemleg eit eige ski-hotell.

LES OGSÅ: Pris til landets yngste hotellsjef

– Hehe, ja, eg trur det er mange som har angra på at dei ikkje gjorde noko med skia sine når vinteren var over. Klok av skade fann eg ut at dette kunne vera eit tilbod både saudabuen og tilreisande kunne ha nytte av, forklarer 23-åringen.

Etter at årets skisesong er over, for dei fleste truleg rett etter påske, kan ein nå altså levera vinterutstyret sitt til lagring hos Vetlebu skiservice. Der vil til dømes ski bli lagra og, ifølge Halsnes, vil dei få ein full service både når sesongen er ferdig og når ein ny vinter står for tur.

– Poenget er at folk skal kunna starta ein ny skisesong med nypreparerte ski, peikar han på, og viser til at han går over alt frå stålkantar til å smørja bindingane på utstyret som blir levert til ski-hotellet.

LES OGSÅ: Er dette Noregs mest aktive skule