Østfold-dialekten blir ofte parodiert, flira av og sett ned på. Det har kanskje blitt ei vane, men her kan du testa kor godt du kjenner dialekten.

I boka «250 slengerær» har østfoldingen og målmannen Magne Aasbrenn gått Østfold-dialekten i saumane – noko han også har gjort i Fredriksstad Blad gjennom fleire år. I språkspalta «Slengerær» skreiv han sjølvsagt på Fredrikstad-dialekten, og fann etter kvart ut at det var på tide å samla alle desse mellom to permar.

– «250 slengerær» er også ein av dei første norskspråklege e-bøkene som ligg til sal for Kindle hos Amazon. Ei stund låg ho faktisk på salstoppen blant «Best Sellers Norwegian Books» i konkurranse med Bjørnstjerne Bjørnson og Herodes Falsk. Eg har også hatt eit sal til New York, seier Magne Aasbrenn om boka.

Magne Aasbrenn har samla saman eit utval av Østfold-ord i denne quizen – test deg sjølv!

Utskjelt og uthengd
Noko av det som gjer Østfold-dialekten spesiell i Noreg, er rolla den har hatt i norsk humor. Frå Raymon, via Lange Flate Ballær og fram til fleire sketsjar av Martin Beyer-Olsen har tjukk Østfold-dialekt vore humor – og det er fort gjort at nokre av østfoldingane sjølv kan bli litt såre i all humoren.

Det er ikkje lenge sidan Språkrådet gjekk ut og kritiserte NRK for å sparka nedover med si mobbing av Østfold-dialekten, noko som skapte ein debatt om kor egna dialekten var til formell bruk.

– Det kan verka som dei som lagar sketsjar og komediar berre har hamna i den vanen, svarar Magne Aasbrenn på spørsmålet om kvifor det er Østfold-dialekten som får smaka.

– Mange spør seg: Kvifor oss heile tida? Det blir ei stereotypifisering ut av det. Det som trengst, er fleire østfoldingar med andre rollar, både i skjemt og alvor, som Østfold-politikarar som tør å "preke" og ikkje legg om til grannaste Oslo-mål så fort dei går av toget på Oslo-S.

Prøv også denne quizen – kan du svalla halling?

Ekstremgata Østfold
Det er i alle fall ein sketsj som vitsar med Østfold og dialekten som også får Aasbrenn til å flira. I NRK-programmet «Norske fordommer» av Martin Beyer-Olsen og Lars Berrum vitsar dei med Ekstremgata Østfold.

– Den synest eg er godmodig og fin, og peikar på at me faktisk har ei ganske ålreit integrering på gang her nede trass i at vi til tider blir sett på som eit terrorist-reir.

LES OGSÅ: Østfold, nynorsken og eg

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE