Éin av fire ønskjer alternativ til KRLE
Meir enn kvar fjerde forelder med barn i skulen ønsker ei moglegheit til alternativ undervisning om KRLE-faget blir innført, viser ei ny undersøking gjennomført for Human-Etisk Forbund.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Endringane i faget skal bli behandla i statsråd fredag. Forslaget om å døype om dagens RLE-fag (religion-, livssyn- og etikk) til KRLE (kristendom-, religion-, livssyn- og etikk), og dessutan innføre eit krav om at om lag halvparten av undervisingstida skal brukast på kristendom, fekk hard medfart frå fleire instansar i høyringsrunden.
LES OGSÅ: Elevorganisasjonen skeptiske til KRLE
– Dette faget går i feil retning
Ifølgje Vårt Land vil kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) likevel stå fast ved endringane, som Kristeleg Folkeparti (KrF) i 2013 fekk gjennom mot å støtte regjeringa i 2013.
Ei ny spørjeundersøking som Norstat har gjennomført for Human-Etisk Forbund (HEF) viser at meir enn ein av fire (27 prosent) av alle foreldre med barn i grunnskolen ønsker ei moglegheit til alternativ undervisning til KRLE-faget dersom faget blir innført.
– Det er drastisk at så mange vurderer å ta barna ut av ordinær religionsundervisning på grunn av det auka søkjelyset på kristendom, seier generalsekretær i HEF Kristin Mile til NTB.
– Skulen skal vere ein stad der elevar samlast på tvers av religion og livssyn, ikkje ein arena som styrkjer motsetningane mellom elevar. Dette faget går i feil retning, meiner ho.
LES OGSÅ: Vil ha meir islam i skulen
Faktaboks
RLE og KRLE
I forhandlingane med regjeringa hausten 2013 fekk Kristeleg Folkeparti (KrF) gjennom å endre RLE-faget slik det er i dag (religion, livssyn og etikk) til KRLE (kristendom, religion, livssyn og etikk).
Den delen av faget som var kristendom skulle auke til 55 prosent av undervisingstida. Dette blei seinare endra til eit krav om «om lag halvparten av undervisingstida».
Avtalen innebar også at faget skulle vere obligatorisk i lærarutdanninga, og ikkje vere valfag som i dag.
Forslaga har møtt sterk motstand i høyringsrunden frå ein rekke instansar, inkludert fleire kristne utdanningsinstitusjonar.
Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) legg fram regjeringa sitt forslag til endring fredag før påske.
Dagens RLE-fag erstatta KRL, der K-en stod for «kristendom», i 2008.
Faget blei den gongen endra etter at Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) fastslo at faget ikkje tok nok omsyn til foreldrenes religiøse og filosofiske overtyding. (©NPK)