Vil ha meir islam i skulen
Forskar Lars Gule oppmodar lærarane om å vera ulydige, og ikkje bry seg om kravet om 50 prosent kristendom i KRLE-faget. KrFU-leiaren meiner debatten er tåpeleg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det skriv NRK. Ifølgje dei har Gule forklart til Klassekampen at han ønskjer meir opplæring i islam på skulen.
– Kvifor får ei gruppe som Den islamske staten (IS) oppslutnad i Noreg? Det er eit langt viktigare tema enn at Sakkeus sat i eit tre for å sjå på Jesus då han kom forbi, sa Gule til Klassekampen.
Lurer du på kva IS eigentleg er? Sjå her!
– Ein tåpeleg debatt
Leiar i KrFU, Emil André Erstad, meiner debatten Gule trekk fram er tåpeleg.
– Dette er detaljregulering i mykje større grad enn det KrF foreslo, og eg meiner kvar enkelt lærar finn ut av dette på eigenhand. Kva som er viktigast av Muhammed og Sakkeus i treet tykkjer eg er ein tåpeleg debatt, seier Erstad.
Han legg til at han heile tida har vore kritisk til stoppeklokkementaliteten rundt ein nøyaktig del kristendom i KRLE-faget.
LES OGSÅ: Reaksjonane på KRLE
Vil få meir behov for kunnskap om islam framover
Sjølv om Erstad meiner debatten Gule trekk fram er tåpeleg, er han einig i mykje av det Gule seier.
– Det er klart me vil få eit større behov for kunnskap om islam i tida som kjem, seier Erstad.
Gule meiner meir kunnskap om islam støttar regjeringa sine planar.
– Det vil hindra utvikling av ekstreme og valdelege islamtolkingar, og er i tråd med regjeringa sin handlingplan mot radikalisering, seier Gule.
LES OGSÅ: Dette er jihad