Rundt om i landet rasar kommunesamanslåingsdebattane. I Nordhordland fryktar unge i utkanten at tenestetilbodet vil bli dårlegare.

Øyvind Bjerkestrand, Nordhordland
Øyvind Bjerkestrand, Nordhordland

Saka var først publisert i Nordhordland.

– Vi treng å fiksa opp vegane på Radøy og det kan hende pengane vert meir fordelte dersom det vert ein større kommune, seier Renate Myking. Ho og Karianne Tystad Storheim er TIP-elevar ved Knarvik vidaregåande skule. Begge bur på Radøy og har delte meiningar om mogleg kommunesamanslåing.

– Det kan ha positiv innverknad på økonomien, men samtidig kan vi risikera å hamne litt i utkanten dersom Knarvik vert kommunesenter, seier Tystad Storheim.

– Vi likar eigentleg Radøy kommune slik den er, men det er vanskeleg å sei kva som kjem til å bli annleis, seier Myking.

LES OGSÅ: Større kommunar skal få meir ansvar

Undersøking
Det er ei ny undersøking gjort av Respons Analyse for konsulentfirmaet Reservebenken som viser dei nye tala. Undersøkinga handlar om kva unge vaksne i Nordhordland tenker om framtida. 3000 personar busett i Nordhordland i alderen 25 til 39 år er blitt spurt. 


Totalt sett er det 45 prosent av nordhordlendingane som er positivt stilt til kommunesamanslåing og 31 prosent som er negativt stilt. 24 prosent har inga oppfatning i spørsmålet. Desse tala er derimot svært varierande om ein samanliknar dei spurde frå Meland og Lindås med dei spurde frå dei andre kommunane.

LES OGSÅ: Vil halde på bygda ved kommunesamanslåing

Skilnader
I Meland og Lindås er 51 prosent positive til ei kommunesamanslåing. I dei andre kommunane er berre 28 prosent positive. I begge tilfella er det omtrent 25 prosent som seier dei ikkje har noko oppfatning i spørsmålet. 

Undersøkinga viser også at 63 prosent av personane utanfor Meland og Lindås trur ei kommunesamanslåing vil føre til dårlegare tenestetilbod for innbyggarane. Berre 14 prosent meiner tenestetilbodet vert betre og 14 prosent trur ikkje ei samanslåing vil ha noko innverknad på tilbodet.

LES OGSÅ: Fleirtal vil ha folkeavstemming om kommunesamanslåing

Ikkje overraska
– Det er dei same resultata som eg ville tippa på førehand, seier Jon Askeland som er ordførar i Radøy kommune og regionrådsleiar. Han er ikkje overraska over skepsisen til kommunesamanslåing blant dei nordre Nordhordlandskommunane. 

– Det verker å vera større skepsis dess lengre nord for Knarvik ein kjem. Det ligg ei frykt for å verta styrt heilt frå Knarvik, seier Askeland. Sjølv er han opptatt av kommunen sitt beste i saka om ny kommunestruktur. 

– Det som driv meg er leiaransvaret. Det finst både positive sider og negative sider i ei kommunesamanslåing. Eg er berre for samanslåing så lenge eg kan tilrå det for innbyggarane i Radøy, seier ordføraren. Han fryktar også tvangssamanslåing.

– No kan vi vere med å sette premissane sjølv for samanslåing i staden for at vi skal verte tvinga inn ein større kommune seinare – utan å delta i prosessen, seier Askeland.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

LES OGSÅ

ANNONSE