Fleirtal vil ha folkeavstemming om kommunesamanslåing

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleirtal for folkeavstemming

34 prosent meiner at folkeavstemming er ein dårleg idé og at kommunesamanslåingar skal avgjerast av dei folkevalde, viser målinga Sentio Research har gjort for Klassekampen.

Ifølgje målinga er det klart fleirtal for folkeavstemming i heile landet. Aller størst fleirtal er det i Nord-Noreg der 78 prosent av dei spurde vil ha folkeavstemming i slike spørsmål. I Oslo og Akershus er delen 56 prosent.

LES OGSÅ: – Samanslåingar skvisar nynorsken

Tidlegare senterpartileiar Anne Enger, som no er fylkesmann i Østfold, meiner folkeavstemming om kommunesamanslåing er ein dårleg idé.

– Vårt demokratiske system byggjer på det representative demokratiet. Difor meiner eg at kommunesamanslåing i staden bør vere eit heilt sentralt tema i valkampen neste år, seier ho.

– Ingen må innbille folk at ei folkeavstemming om kommunesamanslåing er avgjerande eller bindande. Det er ho ikkje. Ho er berre rådgjevande og for å lodde stemninga blant folk. Til sjuande og sist er det uansett politikarane på Stortinget som skal fatte vedtak om kommunesamanslåingar, seier ho. (©NPK)

LES OGSÅ: Fleirtalet er positive til større kommunar