Ho får Tarjei Vesaas’ debutantpris

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Debutantpris til Lerstang

– Det er ei veldig fin anerkjenning og eit stort dytt i ryggen vidare for å skrive meir, seier ein superglad vinnar til NRK.no. 

Amalie Kasin Lerstang vann prisen for debutromanen «Europa», som handlar om ei ung kvinne som flyttar heim då ho finn ut at ekskjærasten har skrive bok om ho. Hovudpersonen er i tillegg gravid og reiser difor ut i Europa før magen vert synleg. I ein ikkje namngitt storby vert ho kjent med nye menneske og eit Europa i krise.

Boka har fått gode omtalar og har tidlegare vore nominert til Ungdommens kritikarpris 2014.

Juryen meiner Lerstang har eit ungt blikk på verda – ei verd i stadig og uroleg forandring. Samstundes syner forfattaren ein betydeleg formsans og ein tydeleg konsekvens i bruken av litterære verkemiddel.

Ovanfor NRK avslører Lerstang at ho allereie er i gang med eit nytt manus.

 

 

Faktaboks

 Tarjei Vesaas' debutantpris

Litteraturpris til beste debutant under 35 år

Prisen vart stifta i 1964 av Tarjei Vesaas med prispengane han fekk då han vart tildelt Nordisk råds litteraturpris for romanen «Isslottet»

Målet er å gje støtte og oppmuntring til unge talent

Vert delt ut årleg av Den norske Forfatterforening

Foreininga sitt Litterære råd er jury, og består av ni medlemmer

Prisen er på 60.000 kroner

Tidlegare vinnarar er mellom anna Lars Petter Sveen, Jan Erik Vold, Lars Saabye Christensen og Kjersti Annesdatter Skomsvold

(Kilde: Forfatterforeningen, Wikipedia)