Psykologisk førstehjelp til ungdom

Helsevesenet gir hjelp til for få, men no skal ungdom kunne hjelpa seg sjølv.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskning.no skriv i dag om førstehjelpspakken so skal gi barn og ungdom fleire verktøy for å takla angsten. Berre ein av fem ungdommar får hjelp frå helsevesenet, skriv nettsida, og syner til psykolog og forskar ved Uni Helse i Bergen, Solfrid Raknes.

– Om fleire unge lærer gode for å meistra uroa, vil færre utvikla angst, depresjonar og rusproblem, seier Raknes.

LES OGSÅ: Ønskjer satsing på skulehelsetenesta

Enkle ord og illustrasjonar
Førstehjelpsskrinet Raknes har utvikla er ganske enkelt. Eit hefte med enkle ord og illustrasjonar kjem saman med ein raud og ein grøn figur, som skal symbolisera raude og grøne tankar. Med dette skal unge læra sjølv korleis dei reagerer i konkrete situasjonar.

– Barn lærer at tannpuss, fysisk aktivitet og sunn mat er godt for tennene og kroppen. Dei burde også læra korleis dei kan styrka den psykiske helsa si, forholda seg til ubehagelege kjensler og slik førebygga psykiske lidingar, seier Raknes.

Du kan lesa meir hos Forsking.no

LES OGSÅ: Noreg har flest overdosedødsfall i Norden