Fleire veljarar enn før meiner regjeringa har gjort ein dårlegare jobb enn venta.

(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

I ei ny måling som Respons har gjort for Aftenposten, Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad, seier 58 prosent av dei spurde at dei synest jobben regjeringa har gjort, er omtrent som venta. Det er ein reduksjon på 13 prosentpoeng frå ei tilsvarande undersøking frå mai i fjor.

LES OGSÅ: Ny målingssmell

Delen som synest regjeringa har gjort ein dårlegare jobb enn venta, ligg på 33 prosent, nesten dobla frå 17 prosent i fjor.

Berre 4 prosent svarar at regjeringa har gjort ein betre jobb enn venta, medan 5 prosent seier dei er usikre. (©NPK)

LES OGSÅ: Are Kalvø: Skandale-regjering!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

LES OGSÅ

ANNONSE