Dei aller fleste kommunane i Noreg har indirekte eller direkte i alle fall ei tå i oljenæringa. Berre 13 kommunar har ingen spor av oljeverksemd i det heile, viser ein ny rapport.

(NPK):
(NPK):

Rundt 13 prosent av alle sysselsette her i landet arbeider direkte eller indirekte opp mot oljeindustrien. Men ingen av dei om lag 330.000 arbeidstakarane verken bur eller arbeider i oljeskuggekommunane Rømskog, Jevnaker, Grue, Sør-Aurdal, Vang, Etnedal, Rendalen, Engerdal, Snillfjord, Høylandet, Kautokeino, Nesseby eller Kvalsund, viser ein rapport som International Research Institute of Stavanger (Iris) har laga for Norsk olje og gass.

LES OGSÅ: Me bør produsera meir frå norsk industri, ikkje mindre

Rogaland, Hordaland, Møre og Romsdal, Akershus og Vest-Agder er dei fylka som har flest innbyggjarar som er direkte sysselsette i petroleumsrelaterte verksemder.

Når dei som er indirekte knytte til oljenæringa gjennom finans-, transport- og hotellnæring, blir rekna med, er Rogaland og Hordaland framleis størst, men med Akershus og Oslo på tredje- og fjerdeplass.

I Rogaland arbeider ikkje mindre enn 40 prosent av befolkninga indirekte eller direkte med olje- og gass. Det tilsvarande talet for Hordaland og Møre og Romsdal er 21 prosent.

Hedmark og Oppland er dei fylka som har minst å gjere med oljeverksemda. (©NPK)

LES OGSÅ: – Ap fortset i blind oljerus

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.59

Kommentarar

ANNONSE