Studie: Barn som ser mykje på TV, blir sofagriser som vaksne
Barn som brukar mykje tid framfor TV-en, blir sofagriser som vaksne, ifølgje ei fersk britisk undersøking.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Slik blir barna sofagrisar
Forskarar ved University College London har følgt 6.000 britar, som alle er fødde i ei bestemt veke i 1970, frå dei var ti år til dei fylte 42, skriv BBC.
LES OGSÅ: Feitare av å føla seg feit
Dei barna som brukte mykje tid framfor TV-en, hadde 42 prosent større sannsyn for å bruke tre timar eller meir klistra til TV-skjermen som vaksne. Dei omtalte si eiga helse som «dårleg» og rekna seg som overvektige.
– I staden for at familiane set seg ned for å sjå på TV, burde dei gå seg ein tur, er det heilt enkle rådet frå ein av forfattarane bak studien. (©NPK)
LES OGSÅ: – Me er ganske dødsdømt